At ein stiller opp for og bidreg positivt for medmenneske, er ein eigenskap som ikkje kan overvurderast

Så er vi endå ein gong inne i det som blir omtala som den stille veka, tida frå palmesøndag til påskeaftan. Namnet kjem av at ein før i verda ikkje ringde med kyrkjeklokkene eller brukte orgelet under gudstenestene i denne perioden. Ein skulle i størst mogleg grad la alt arbeid kvile, og det skulle vere stilt både inne og ute.

Les også
Å «bruke opp» det ein har

Tidene har endra seg, og det moderne mennesket verkar for å ha lite tid til å kvile. Mange har ein tendens til alltid å vere på veg til noko – anten det er helg eller vyrkedag. Nye mål skal nåast, nye «likes» skal bokførast og fasaden skal pyntast på, så ein på utsida kan stå fram som like vellukka som eit eller anna tøysete, overflatisk «ideal» ein blir presentert for i sosiale medium eller ein annan stad på den uendelege verdsveven.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Fornuftig tilnærming

På vegen mot dette «idealet» er det fort gjort å miste fokus på anna enn eigen person, miste perspektivet, miste omtanke for andre og til slutt miste seg sjølv. Slik kan det bli når vi lever i ei verd der eg, meg og mitt står stadig meir sentralt, og der merksemda på det perfekte ytre og kva ein sjølv kan oppnå berre blir viktigare og viktigare.

Kanskje meir enn nokon gong treng mennesket den stille veka og tida denne gjev til å reflektere over livet, over kva verdiar som verkeleg er viktige og som vi ønskjer å forfekte, og over kven vi er og ønskjer å vere.

Les også
Ein ufråvikeleg premiss for semje

Verdiar som omtanke, fellesskap, toleranse og respekt for andre bør alltid ha ein sentral plass i medvitet vårt. Dette er kristne grunnverdiar som heile tida er under press og må hegnast om. Korleis ein oppfører seg overfor andre seier mykje om kva typar personar vi er og kva vi står for. At ein stiller opp for og bidreg positivt for medmenneske, er ein eigenskap som ikkje kan overvurderast.

Påskedagane bør gje rom for å pleie omgjevnadane og i litt større grad vere til stades for dei vi har rundt oss, enn det den hektiske kvardagen i mange tilfelle gjev høve til. Og det er ikkje alltid så mykje som skal til for å glede og varme andre og gjere dagen deira litt betre.

Les også
Viktig og flott tilbod

Det kan vere ein god samtale, ei hjelpande hand, nokre oppmuntrande ord eller eit klapp på skuldra. Ja, det kan vere nok å leggje vekk iPad-en eller telefonen ei lita stund, sjå, lytte og vere heilt og fullt til stades der og då.

Så er det ikkje alltid, heller ikkje i feriar og friperiodar, vi har høve til å bidra for og omgåast andre slik vi helst skulle ha ønskt, kan hjelpe til slik vi helst burde ha gjort eller kan gje av oss sjølve slik vi helst tenkjer vi vil.

Les også
Skulle berre mangle

Men å flytte fokus vekk frå eigen person og over til medmenneske for ei stakka stund kan kvar og ein av oss gjere. Det treng ikkje å koste tid og krefter å vise at ein tenkjer på og er glad i dei ein har rundt seg. Det bør vi alle gjere, helst kvar dag, og iallfall i høgtider som den som står for døra.

God påske!