– Synest å vere prisen vi i Sogn og Fjordane må betale for fylkessamanslåinga

Ferjefri E39 er eit vegprosjekt der planen er å fjerne alle dei sju eksisterande ferjestrekningane på E39 mellom Trondheim og Kristiansand, og vil dermed gjere det mogeleg å køyre heile strekninga ferjefri. Målet er å redusere reisetida mellom Trondheim og Kristiansand frå 20 timar til 15 timar.

Dei totale kostnadane for heile utbygginga er rekna til 382 milliardar kroner i 2020. Kostnadar, samfunnsøkonomisk lønsemd, usikkert trafikkgrunnlag, miljøspørsmål, tryggleik og usikker teknisk gjennomføring gjer prosjektet mildt sagt politisk omstridd. Transportnæringa er til dømes skeptisk til lange og djupe tunnelar. Vinsten av ferjeavløysing for heile strekninga samla er uklar. Statens vegvesen (SVV) har fram til 2020 brukt 2 milliardar berre til planlegging av ferjefri E39. I september 2019 uttalte vegvesenet at dei ikkje lenger har fullstendig ferjefri E39 som mål.

Artikkelen held fram under annonsen.

Onsdag 7. april vedtok fleirtalet i fylkesutvalet som utgjer Ap, Sp, KrF, H og FrP full støtte til Hordfast (E39 Ådland-Svegatjønn) i høyringsfråsegna frå Vestland fylke til Nasjonal Transportplan (NTP 2022-2033). Hordfast er ein del av gigantprosjektet ferjefri E39. Stortinget skal endeleg avgjere saka i midten av juni, etter at Transport- og kommunikasjonskomiteen legg fram si innstilling innan 6. juni.

Raudt er både forundra over og reagerer på at Sogn og Fjordane-representantane, Aleksander Øren Heen (Sp), Arve Helle (Ap) og Noralv Distad (H) stilte seg bak og er positive til framlegget, samstundes som Sp sin stortingskandidat Erling Sande lokalt går hardt ut mot dei konsekvensane framlegget vil få for samferdsla i Sogn og Fjordane.

Kvifor er Raudt i Sogn og Fjordane imot dette prosjektet?

Gigantprosjektet Hordfast med bompengefinansiert firefelt motorveg og bru over Bjørnafjorden står øvst på prioriteringslista til regjeringa, kostnadsrekna til heile 37,7 milliardar kroner. Statsminister Erna Solberg har tidlegare hevda at det vert ei ulukke for Vestlandet om Hordfast ikkje kjem på plass.

Raudt meiner, i motsetning til statsministeren, at det blir ei ulukke for både trafikktryggleik/rassikring, klimaet, naturmangfaldet, kulturminne, kystlandskap og andre samferdslebehov her vest om dette prestisjeprosjektet til Høgre blir realisert. Det vil koste over 700 millionar kroner per kilometer veg. Det er all mogleg grunn til å meine at det blir lite att til nødvendig vegsatsing i Sogn og Fjordane.

Raudt ser at slike kostnadar til enkeltprosjekt vil fortrenge alle dei andre behova som er skisserte i NTP. Raudt vil i staden prioritere trygge vegar med trafikk- og rassikring av riks- og fylkesvegane, noko som er kraftig forsømt i heile fylket. Den alvorlege ulukkesstatistikken og stadige stengde vegar på grunn av ras og flaum som fylgje av m.a. klimaendringane, gjer og dette kravet livsviktig for svært mange. Prioriteringa av Hordfast synest å vere prisen vi i Sogn og Fjordane må betale for fylkessamanslåinga!

Raudt seier nei til ferjefri E39 og Hordfast!