Geir Pollestad.

Regjeringa må styrke matberedskapen i Norge

Senterpartiet meiner Norge har for låg sjølvforsyning av mat. Om lag 60 prosent av maten me et er importert. Det gjer oss dårleg rusta til å møte ei framtidig krise eller krig. Difor må me satse meir på norsk matproduksjon og me som forbrukarar må bli flinkare til å velje norske matvarer i butikken.

No er jordbruksforhandlingane i gang. Her ligg og ei løysing til å auke sjølvforsyninga av mat i Noreg. Inntektene til bøndene må opp og regjeringa har faktisk forplikta seg til å tette inntektsgapet mellom bønder og andre grupper i årets forhandlingar. Det krev Senterpartiet at landbruksministeren ordnar. Det vil koste 4 milliardar kroner i år – men kostnaden ved å ikkje ta mat på alvor er høgare.

Norge har moglegheit til å produsera mat av høg kvalitet, med god dyrevelferd og lågt miljøavtrykk. Det å basere seg på import av mat til Norge er dårleg beredskap, dårleg næringspolitikk og dårleg distriktspolitikk. Difor treng me ein aktiv landbrukspolitikk og eit godt jordbruksoppgjer.

Geir Pollestad, 

landbrukspolitisk talsperson for Senterpartiet

Powered by Labrador CMS