- Eit Sogn og Fjordane utan marknadstilgang i Europa kan berre pakke saman sakene, skriv Freddy af Geijerstam.

- Raudt og SV vil vere som gift for Sogn og Fjordane

 

Om Jonas Gahr Støre skal klamre seg fast som statsminister etter neste val, må han lene seg tungt på SV, Raudt og MDG. Då opnar døra seg på vidt gap for den mest ekstreme politikken Noreg har sett sidan den kalde krigen. Og det er distrikta – bygdene, grendene og fjordane våre – som blir sittande att med rekninga.

For kven er me, her i Sogn og Fjordane? Me er folk som lever av naturen, av skogen, fjellet og havet. Me er avhengige av handel, av vegar som bind oss saman og av arbeidsplassar skapte gjennom privat initiativ og hardt arbeid. Me har bygd oss opp gjennom dugnad og driv – ikkje gjennom sentralstyring og revolusjon.

Men kva vil Raudt? Dei vil rive ned det som fungerer. Dei vil melde Noreg ut av EØS, sjølve hovudpulsåra for eksportnæringa vår. SV står og vippar. Det er som å sage over den greina me sit på for så å bli overraska når den fell. Utan EØS-avtalen kjem høgare tollmurar, meir byråkrati, færre marknader – og til slutt: færre jobbar.

Me snakkar ikkje teori, me snakkar fiskebruk, kraftverk og industri – ekte folk som mister levebrødet sitt.

Eit Sogn og Fjordane utan marknadstilgang i Europa kan berre pakke saman sakene.

Og medan Raudt og SV diskuterer motorvegar i Oslo, så stenger dei i realiteten døra til tryggare vegar her i vest. Dei snakkar om å «ta vare på miljøet» – men for oss handlar det om å kome seg på jobb og skule utan å risikere livet i rasfarlege fjellskråningar.

Dei kan sitje i hovudstaden og romantisere sykkelvegar og bybaner – me treng tunnelar, bruer og rassikring. Symbolpolitikken deira er ikkje berre naiv – han er direkte farleg.

Så kjem angrepet på velferda. Raudt vil forby private aktørar, SV vil presse ut private barnehagar. I Oslo kan dei kanskje leve med ein barnehage mindre – men i mange av kommunane våre er den eine private barnehagen heile tilbodet. Når ideologi får styre, forsvinn både valfridomen og tryggleiken – og barnefamiliar pakkar bilen og flyttar ut. Det er distriktsdød i sakte film.

Og kva med dei som faktisk skaper noko? Dei som driv butikk, startar bedrift, investerer i framtida? Raudt vil straffe alle dei som vil skape – med over 40 milliardar kroner i auka skattar. Dei vil gjeninnføre arveskatten og strupe gründerånd og eigarskap.

Det er ei klår melding frå Raudt: I Noreg skal det ikkje løne seg å lykkast.

Men det mørkaste kapittelet er dette: Raudt sitt prinsipprogram slår fast at målet deira er ein sosialistisk revolusjon, eit klasselaust kommunistisk samfunn, basert på Marx sine prinsipp. Dette er ikkje eit skjult punkt i ei gløymd brosjyre – det står svart på kvitt. Er det verkeleg dette me skal sleppe inn i regjeringskontora?

Skal me la revolusjonsromantikarar frå Grünerløkka få styre framtida til fiskaren i Måløy og gründeren i Førde?

Dette handlar ikkje om partipolitisk leik i Oslo. Det handlar om retninga til landet vårt. Det handlar om me skal styre mot meir fridom, fleire jobbar og tru på enkeltmennesket – eller om me skal gje makta til dei som vil eksperimentere med heile samfunnsmodellen vår.

Høgre vil at folk skal ha valfridom – anten det gjeld skule, barnehage eller helsetenester. For oss handlar det om kva som fungerer – ikkje kva som passar inn i eit ideologisk skjema.

I år vel me ikkje berre politikarar – me vel framtida. Vil du at Stortinget skal bli eit verktøy for Raudts revolusjon? Eller vil du stå opp for eit samfunn som løner arbeid, verdset valfridom og gir folk tru på morgondagen?

Freddy af Geijerstam,

leiar for Sogn og Fjordane Unge Høgre

Powered by Labrador CMS