No fjernar vi normpris og prisråd for havbruk
FrP har saman med eit fleirtal på Stortinget gått inn for eit forslag om å be regjeringa avvikle ordninga med normpris og prisrådet for havbruk. Dette skal tre i kraft frå og med inntektsåret 2027.
Havbruksnæringa er avgjerande for arbeidsplassar, busetting og verdiskaping i kystsamfunn over heile landet. Vi har vore mot grunnrenteskatten fra første dag, fordi den hindrar investeringar og gjer det vanskelegare å skape arbeidsplassar. Avviklinga av normprisrådet er eit viktig første steg mot å fjerne hele grunnrenteskatten.
Prisrådet har fått mykje kritikk av bransjen for å fastsette feil skatt og medføre store rapporteringsplikter. Avviklinga av prisrådet inneber at Skatteetaten vil oversjå at selskapa betalar riktig skatt. Dette blir ein vesentleg forenkling som næringa har etterspurt.
Havbruksskatten omfattar sjøfasen av oppdrett, og for å berekne skatten, må fisken prissettast og overskuddet reknast når fisken takast opp av merden. Det er vanleg at selskapa bearbeider fisken før den blir selt. Då må selskapet sjølv berekne kva fisken skulle ha kosta viss den blei selt direkte frå merden til marknaden. I tillegg er det oppretta eit prisråd. I tilfelle der prisrådet fastset ein pris på fisken, er det denne prisen som brukast i skatteberekninga.
Skal vi sikre arbeidsplassar, busetting og fortsatt vekst langs kysten, må vi legge til rette for investeringar og verdiskaping. Fleire eller høgare skattar og unaudsynt byråkrati er ikkje klokt. Derfor er dette ein viktig siger, men arbeidet med å fjerne heile grunnrenteskatten fortset.
Stig Even Lillestøl,
stortingsrepresentant FrP