Fylkesleiar Grønn Ungdom Vestland
- Sånn som målingane er no, so er eit MDG over sperregrensa det einaste som kan hindre Listhaug i å bli Noregs neste statsminister, skriv Jakob Sande Haugset.

La oss mimre litt

Valet den 8. september nærmer seg med stormskritt. Og slik det er no, kan Sylvi Listhaug ligge an til å bli statsminister. Eg vil gjerne sjå tilbake på åra hennar som landbruksminister. So kan vi jo tenkje oss om, ønskjer vi denne politikken igjen? 

Før vi begynner vil eg berre seie at om svaret på forrige spørsmål er nei, den politikken ønsker vi ikkje igjen, da er MDG heilt klart partiet du bør stemme på i år. Det er fordi vi sånn som målingane er no, so er eit MDG over sperregrensa det einaste som kan hindre Listhaug i å bli Noregs neste statsminister. Vi ønskjer å bruke våre mandat på å sikre eit raudgrønt fleirtal med Jonas Gahr Støre som statsminister. Havnar vi under, vert fleirtalet fort blågrått. 

Men nok om det, la oss begynne mimringa!

I 2014 varsla Sylvi Listhaug at ho ville fjerne produksjonstaket på melk. Dette ville vore positivt for rundt 200 store gardar, men ville fått fatale konsekvensar for små og mellomstore gardsbruk. Desse uttalelsane er djupt urovekkande. Er det verkeleg desse vi ønskjer skal ha makta over mattryggleiken vår?

Noko anna ho gjorde som landbruksminister i 2014, var å doble taket på produksjon av slaktekylling. Dette viser dessverre partiet sin kjærleik for store gardar, og fråverande tankar for små og mellomstore gardsbruk. 

Og akkurat dette presterte ho igjen å vise når ho snudde kompensasjonssystemet til bøndene på hovudet. Dei største gardane fekk mest, og dei minste fekk minst. Og resultatet? Eitt gardsbuk i Norge vert lagt ned kvar dag. Ho eskalerte den begynnande negative utviklinga. Dette er tragisk for beredskapen, lokalsamfunna og klima. Og ikkje minst for alle bøndene. 

So hugs at dersom du ikkje vil ha denne politikken på nytt, da må du stemme på Miljøpartiet Dei Grønne! I tillegg er vi blant dei leiande partia innan landbrukspolitikk. Dette ser ein blant anna på våre forslag til tiltak for å gje dei mindre gardane betre inntekt, og gi bønder de samme velferdsordningene som vanlige arbeidstakere. I tillegg er vi det mest progressive partiet når det gjeld vern av matjord. Hugs dette når du går til valurnene 8. september. Godt val.

Jakob Sande Haugset, 

fylkesleiar i Grønn Ungdom Vestland

Powered by Labrador CMS