Kulturlivet i Gloppen

I 1974 var Gloppen første kommune i Sogn og Fjordane som fekk kulturskule, den vart skipa etter initiativ frå Jon Aske. Kulturskulen er eit bærande element i kulturlivet og den kulturelle danninga barn får når dei veks opp i kommunen vår. Å sjå kulturskulelærarar med høg kompetanse, fungere som «backing-band» for ein ungdom som spelar eller syng, er fantastisk. I dansesalane får grupper og enkeltpersonar utvikle og utfalde seg og kjenne glede av fellesskap og meistring. Samlokalisering med Firda vgs har truleg stor synergieffekt ift søknad på skulen og trivsel for elevane, som kan nytte det flotte anlegget Trivselshagen.

Trivselshallen er eit imponerande bygg, som rommar idrettsaktivitet frå morgon til kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

Medan ungdommar i Oslo ofte må velje aktivitet tidleg i livet, kan våre born og ungdomar prøve ut veldig mykje forskjellig, og gradvis finne ut av kva dei trivst med. Eldsjelene som driv aktivitetane her, samt mange andre aktivitetar spreitt rundt i kommunen, gjev brei variasjon. Vi som bur her i Gloppen kan namna på eldsjelene, ingen nemnde – ingen gløymde.

Foreiningsportalen i Gloppen har allereie registrert 159 ulike lag og foreiningar. Vi har både imponerande breidde og toppnivå blant dei som veks opp i Gloppen. Dette gjeld på mange ulike område både ift idrett, musikk eller andre deler av organisasjonslivet.

I budsjettbehandlinga for 2023 fremja Olav Klungre på vegner av KrF framlegg om at dersom den økonomiske ramma til Gloppen Kommune vert auka, skal tilskot til kulturføremål minimum aukast i takt med konsumprisindeksen (mange tilskot har stått uendra eller blitt redusert dei siste 10 åra, medan konsumprisindeksen har auka med 33 prosent). Tiltaket fekk eit knapt fleirtal.

KrF vil støtte opp om kulturlivet så langt vi kan, men erkjenner sjølvsagt at det er dei frivillige eldsjelene som held dette arbeidet oppe. Verdiskapinga av denne aktiviteten kan sikkert reknast på, men den reelle betydninga finn vi i at dei aller fleste av oss som bur her kan finne tilhøyrsle i eit fellesskap, trivast og utvikle oss saman med andre.

Det er også slik at det stadig er fleire som har økonomiske utfordringar, og nokre born opplever å ikkje kunne delta fordi det vert for dyrt for familien. Økonomiske barrierar skapar forskjellar mellom barn og unge. Det vil KrF gjere noko med. Vi ynskjer innføre fritidskortet, slik at alle kan få høve til å delta på fritidsaktivitetar, uavhengig av familien sin økonomi. Fritidskortet kan vere ei hjelp og løysing for å gje alle born høve til å få ta del i det rike kultur- og idrettslivet i Gloppen. Får vi fritidskortet innført, kan det vere med på å inkludere dei som elles ikkje har anledning å vere med og forebygge utanforskap. Familiars økonomi bør ikkje stå i vegen for at born skal kunne delta i fellesskapet og oppleve meistring og tilhøyrsle.

Fritidskortet kan slik heilt praktisk også vere med på å medverke positivt til Gloppen kommune sin nullvisjon ang mobbing gjennom å skape reell anledning for deltaking for alle.

Per Ståle Husevåg, 1. kandidat for Gloppen KrF

Ragne Mari Røed Kandal, 2. kandidat for Gloppen KrF

Artikkelen held fram under annonsen.