– Innsatsen din er viktig

Vi ser aukande smitte av covid-19, og enkelte regionar i landet opplever no svært høge smittetal. Smittepresset i vår region er førebels oversiktleg, men vi er bekymra for at den alvorlege situasjonen skal spreie seg til vårt område. Dette vil kunne føre til store konsekvensar for heile samfunnet vårt.

Kommuneoverlege Benny Østerbye Hansen: N/A

Nyleg har eitt enkelt smittetilfelle i Sogn og Fjordane medført at i alt 30 nærkontaktar fordelte på fem kommunar er blitt sette i karantene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når folk kjem reisande til Gloppen i jula er vi svært bekymra for at mange kan vere smitta utan å vite om det. Kontakt med ein smitta person vil fort kunne føre til at mange må ti dagar i karantene. Dette vil påverke mange bedrifter. Når det rammar helsepersonell og tilsette i skular og barnehagar, kan dette medføre alvorlege konsekvensar for å oppretthalde tenestetilboda i kommunen.

Skal vi klare å halde kontroll, er vi avhengige av at alle er ekstra forsiktige, tek omsyn til andre og avgrensar den sosiale kontakten sin. Det viktigaste og tryggaste smittevernet er det vi gjer kvar enkelt. Blir du sjuk, test deg og hald deg heime til du har fått negativt prøvesvar og føler deg frisk igjen. Ha god handhygiene og hald ein meters avstand til andre.

Reis minst mogleg

Rådet til alle er å reise minst mogleg. Til dykk som vurderer å reise til område i landet med høgt smittepress, ber vi om at de gjer gode vurderingar på kva som er nødvendige reiser og kva som eventuelt kan vente eller avlysast.

Tilreisande og besøk?

Ventar du besøk frå personar som har vore i område med mykje smitte? Dette kan vere familiemedlemer, studentar og andre. Då ber vi om at de er ekstra merksame og viser omsyn, dette gjeld både dei som kjem tilreisande, men også dei som får besøk!

Hald god avstand, avgrens sosial kontakt og tal nærkontaktar, spesielt dei fyrste ti dagane. Om det er mogleg, tilrår vi å gjennomføre «karanteneliknande innkvartering» dei fyrste ti dagane.

Besøk i helse- og omsorgsbustadar/institusjon

Vi har sårbare eldre og kronisk sjuke som har auka risiko for alvorleg sjukdom dersom dei vert smitta. Alle våre helse- og omsorgsbustadar har besøksrutinar og reglar som gjeld, og vi ber om at alle besøkjande er lojale og held seg til desse. Er du i tvil om kva som gjeld, spør dei tilsette.

Serveringsstadar og butikkar

Vi oppfordrar no alle serveringsstadar i kommunen til å innføre besøksprotokoll over gjestane sine, dette kan vere nyttig og viktig i ein eventuell smittesporingssituasjon.

Butikkar må gjere sine vurderingar på tal kundar inne i lokalet samtidig, og eventuelt setje eit maks tal. Dette for at alle skal kunne halde avstand og oppleve trygg julehandel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skal vi som samfunn lukkast med å halde smitten nede, og ha kontroll før, i og etter jul, så må denne jobben gjerast av oss alle no.

Benny Østerbye Hansen,

kommuneoverlege i Gloppen