Helene Frihammer.

- Ikkje set EØS-avtalen i spel

Fleire norske parti tek til orde for å reforhandle EØS-avtalen. Det er dårleg nytt for bedrifter og arbeidsplassar langs kysten.

Diskusjonen om EØS-avtalen og Noreg sitt forhold til EU har blussa opp att i valkampen. Nokre parti vil ha mindre samarbeid med EU om kraft, og fleire parti er skeptiske til EØS-samarbeidet og vil reforhandle avtalen. Slike utspel skapar uro blant norske eksportbedrifter.

Det blir heilt feil å setje EØS-avtalen i spel når vi treng han meir enn nokon gong. For eksportbedrifter i Vestland kan ei svekking av EØS bli dramatisk.

EU er Noreg sin viktigaste handelspartnar. To tredelar av all norsk eksport går til EU, noko som legg grunnlaget for over 410 000 arbeidsplassar over heile landet. Det er EØS-avtalen som sikrar at norske bedrifter kan selje varene sine i EU på lik line med konkurrentar i EU-land.

Erik Osland.

Mange eksportbedrifter er hjørnesteinsbedrifter, som syter for arbeidsplassar og store inntekter til kommunane. Eitt døme er Osland Havbruk, som har 67 tilsette – dei fleste arbeider i Bjordal i Høyanger. EØS-avtalen syter mellom anna for at det norske regelverket for mattryggleik er harmonisert med EU-regelverket, slik at norsk sjømat kan krysse grensa til EU utan veterinærgrensekontroll.

Vestland er Noreg sitt største eksportfylke. I fjor eksporterte vi varer og tenester for 235 milliardar (!) kroner, og det er utanom olje og gass. Det er med andre ord mykje som står på spel dersom EØS-avtalen skulle bli svekt. EU som eksportmarknad er nesten 100 gongar større enn Noreg åleine. Den europeiske marknaden har 450 millionar menneske. Denne moglegheita for norske bedrifter må vi ikkje setje i spel.

Å framstille bruk av reservasjonsretten, trenering av regelverk og reforhandling av EØS-avtalen som ufarlege politiske verkemiddel, er både misvisande og risikabelt.

Norske politikarar må anerkjenne at EØS-avtalen er ein forpliktande avtale som går begge vegar. Å bruke reservasjonsrett i enkeltsaker eller å reforhandle og svekkje avtalen, er ein risiko for norske bedrifter og arbeidsplassar. I første omgang skapar det uvisse om marknadstilgang, investeringar og framtidige prosjekt. I verste fall kan vi misse dagens tilgang til EUs indre marknad.

Sveits og Storbritannia er ikkje ein del av EØS, men har bilaterale handelsavtalar med EU. Desse avtalane gir større uvisse og dårlegare rammer for handel og samarbeid. For Storbritannia har Brexit ført til store handelshinder, meir byråkrati, store kostnader for næringslivet og redusert økonomisk vekst.

EØS handlar òg om meir enn berre eksport. Gjennom EØS har norske bedrifter og forskarar henta milliardar frå EU sine forskingsprogram dei siste åra, noko som har bidrege til nok kapital og kunnskap til å skape nytt og konkurrere internasjonalt.

Uføreseielegheit og uvisse er blant dei største bekymringane for bedriftene. Det gjer det vanskeleg å planleggje, og investeringar kan bli sette på vent. I staden for å trekkja oss ut av avtalar, treng vi ein tydelegare plan for korleis vi skal samarbeide meir med Europa. Vi ser no auka handelsuro og uvisse knytt til toll. Krigen i Ukraina og auka geopolitiske spenningar skaper òg meir uføreseielegheit. EU utvidar no samarbeidet på nye område, mellom anna innan tryggleik, industripolitikk og grøn omstilling. Det er viktig at Noreg ikkje fell utanfor viktige samarbeid som kan skape nye næringar og fleire arbeidsplassar i Noreg.

Dette burde vore fokuset til norske politikarar – ikkje reforhandling og svekking av ein forpliktande avtale som tener Noreg godt.

Helene Frihammer, regiondirektør NHO Vestland

Erik Osland, konsernsjef Osland Havbruk

Powered by Labrador CMS