I hjartet av Lærdal sjukehus ligg indremedisinen. No og i framtida
Snart skal styret i Helse Førde ta stilling til smertefulle grep. I mellomtida er det viktig å minne om det breie tenestetilbodet lokalsjukehusa har – og uansett skal ha i framtida.
I sentrum av det står indremedisinen. Som behandlar flest sogningar, sysselset mest folk, tek mest plass og har akuttfunksjonane på Lærdal sjukehus.
Her har medisinsk poliklinikk vakse fort dei siste åra. Frå 3852 konsultasjonar i 2019, til 5157 i 2024. Infusjonspoliklinikken er svært viktig for svært mange kreftpasientar og andre som treng behandling ofte.
Folk som opplever at nyrene deira ikkje lenger klarar å rense blodet, treng dialyse tre-fire gonger i veka i årevis. Då blir skilnaden mellom å reise til Førde og eit nært lokalsjukehus stor.
Førre året hadde Lærdal størst aktivitet på dialyse av alle sjukehusa i Helse Førde. Her vart mange sogningar spart for lange og hyppige reiser.
To av tre faste overlegar ved medisinsk avdeling i Lærdal er hjartespesialistar. Ultralydundersøkingar, arbeids-EKG, pacemakerkontrollar og hjarterehabilitering er blant tilboda hjartepoliklinikken i Lærdal har – og skal ha.
Medisinsk avdeling er ei suksesshistorie, som skal halde fram.
Det gamle totalsjukehuset du reiste til uansett kva som feila deg, finst ikkje lenger i Sogn og Fjordane. Heller ikkje i Førde. Vi er for få i Sogn og Fjordane til at vi kan gjere alt over alt. Difor bestemmer ikkje postnummeret ditt kvar du blir tilvist.
Får du eit stort hjarteinfarkt i Lærdal, skal du helst ikkje leggast inn på lokalsjukehuset. Behandlinga skal helst starte i ambulansen, før du reiser til Haukeland i luftambulanse.
Likevel kan Lærdal sjukehus vere avgjerande for deg. Sjansen er stor for at du skal dit – fleire gonger - når den akutte fasen er over og du skal leve vidare i Sogn.
Får du kreft blir du ikkje operert i ved lokalsjukehusa i dag heller. Men før og etter operasjon treng du gjerne cellegift eller immunterapi. Ofte. Det får du ved infusjonspoliklinikken ved Lærdal sjukehus. I dag og i framtida.
Det er også ved medisinsk avdeling at akuttberedskapen i Lærdal ligg. Her tek vi mellom anna hand om infeksjonar som lungebetennelse, blodforgifting og alvorlege urinvegsinfeksjonar.
Vi utgreier og behandlar brystsmerter, hjartesvikt, astma og KOLS, blodproppar eller akutt forvirring hjå eldre og skrøpelege. I samarbeid med nevrolog i Førde tek vi imot pasientar med akutt hjerneslag og fleire andre tilstandar til diagnostikk, stabilisering og akuttbehandling før dei skal vidare til slageininga i Førde. Ofte med bistand frå anestesilegen i Lærdal, som er i vaktberedskap døgnet rundt, sju dagar i veka.
Difor gjentek eg: Endå så smertefulle kutta eg har tilrådd styret er, vil dei ikkje røre ved den indremedisinske drifta og akuttberedskapen.
I haust utgreidde vi konsekvensane og innsparingspotensialet ved å samle all barselomsorg i Helse Førde ved Førde sentralsjukehus, legge ned skadepoliklinikkane i Nordfjord og Lærdal, og å samle all ortopedisk aktivitet i Førde.
Det enda med at vi ikkje tilrådde å gjennomføre alt dette fullt ut.
Likevel tilrår vi kutt vi ikkje ville gått for om ikkje økonomiske rammevilkår i rask og negativ endring tvingar oss. Fordi kvart kutt vi ikkje gjer, gjer at vi må kutte noko anna for å kome i balanse.
Punkta på lista over kuttforslag er ikkje tilfeldig valde. Dei blir vurdert fordi dei ser ut som dei minst smertefulle grepa for pasientane i nærområdet.
Ikkje akuttberedskapen, og ikkje tenestene folk i Sogn brukar mest og jamnast.
I diskusjonen som no går inn i sluttfasen må vi vere svært varsame med å snakke ned alt som ikkje er under utgreiing. Altså mesteparten av sjukehuset. Det fortener verken dei mange pasientane som får hjelp her, eller det dyktige helsepersonellet som gir denne hjelpa.
Med det som alt er nemnt, men også allergivaksinering, diabeteskurs, spirometri ved astma, kols og andre lungesjukdomar, dei som undersøker deg innvendig med gastroskopi og koloskopi, hudpoliklinikken, audiografane som jobbar med høyrselproblem. Dei som gir deg nær, rask og god MR, CT, røntgen, samt jordmor som gjer at gravide kan ta ultralyd utan at heile dagen går med.
Då vi behandla budsjettet nyleg, informerte eg styret om at vi treng å starte arbeidet med å skifte CT –maskinene på lokalsjukehusa. Det vil koste rundt 20 millionar kroner, og i dagens økonomiske situasjon sit slike investeringar langt inne. Men CT er i hjartet av dei pasientnære tilboda eit lokalsjukehus skal ha. Mitt mål er å skifte CT i Lærdal i 2028. Men handlingsrommet vi treng for å klare det må vi sjølve skape gjennom å prioritere hardt.
Ortopedien i Lærdal er planlagt kirurgi for pasientar som ikkje krev omfattande medisinske tenester rundt seg. Altså elles friske eller stort sett friske pasientar. Pasientar med hjartesjukdomar, alvorleg diabetes og annan kompliserande sjukehistorie blir opererte i Førde også i dag.
Hofte-, skulder- eller knekirurgi er noko dei fleste av oss gjennomgår få gonger i livet, om i det heile. Helse Førde har lagt majoriteten av kneoperasjonane til Lærdal. Ikkje fordi ein ikkje har same kvalitet i Førde, men fordi det har vore best for den felles ortopediske avdelinga vår.
Truls Jellestad stod i spissen for eit nybrotsarbeid då han kom til Lærdal i 2004. 22 år seinare er han pensjonist. I dag vekslar fleire ortopedar i Lærdal og Førde mellom dei to sjukehusa. Sjølv om fleire andre sjukehus no tilbyr det same, toler Lærdal framleis samanlikning med dei aller fleste.
Men no er vi tvinga til harde prioriteringar. Og vi må gjere dei i tråd med lover, forskrifter og styringssignal frå storting og regjering. Det gjer handlingsrommet vårt ganske lite, sjølv om aktiviteten vår er omfattande.
Barseleiningane i Nordfjord og Lærdal er ikkje lovpålagte tilbod til dei som alt har fødd ein annan stad, og som er spesielle for lokalsjukehusa i Nordfjord og Lærdal. Vi har utgreidd å legge dei ned, men i godt samarbeid med kommunane fann vi ein ny modell for Nordfjord. Den kan kopierast i Indre Sogn, dersom sognekommunane sluttar seg til på same måte.
Under økonomiske tilhøve som dei Helse Førde opplever no, må vi gjere det vi kan for å verne dei livsviktige og livsdefinerande tilboda som innbyggjarane i nærområdet treng ofte: Dialyse, medisinsk sengepost med akuttfunksjon, infusjonspoliklinikken, hjartepoliklinikken, støttefunksjonar som laboratorium, radiologi og så vidare.
Dette er avgjerande funksjonar for pasientar som treng nære tenester. Som gjer at du kan bli behandla for og leve med til dømes kreft-, hjarte-, lunge- og nyresjukdomar. Slike som varer lenge og krev hyppige sjukehusbesøk.
No er det stor fare for at Lærdal mister viktige kompetansearbeidsplassar, og at Helse Førde mister dyktige medarbeidarar vi svært gjerne skulle hatt med oss vidare.
Likevel: Uansett kor brutalt det høyrest ut – arbeidsplassar kan ikkje vere Helse Førde sin prioritet. Vår prioritet, pålagt av regjering og storting, er gode og like spesialisthelsetenester i heile området vårt. Og no må vi gjere det for mindre pengar.
Det kan bety at noko må vike.
Heldigvis vil dei aller fleste av dei 260 tilsette som no er ved Lærdal sjukehus, også vere der i framtida. Sjølv om stormen vi står i krev færre årsverk i heile føretaket. Det som uansett står att i Lærdal, er ganske likt det Nordfjord sjukehus har vore i meir enn ti år.
To lokalsjukehus som er der for deg med dyktige fagfolk og spesialisthelsetenester som kan kombinerast med kvardagen din og livet du skal leve – der du vel å leve det.
Lokalsjukehusa forblir store og viktige arbeidsplassar i Lærdal, Nordfjord og områda rundt. Fordi dei pasientnære indremedisinske funksjonane ikkje skal rørast i forslaga som no ligg føre.
Vi har stor respekt for dei som kjempar for innhaldet i sjukehuset sitt. Men vi må ikkje snakke ned og redusere det absolutte hjartet i lokalsjukehusa til lommerusk.
Hjartet er, og vil vere, det indremedisinske tilbodet og dei tilknytte poliklinikkane.
Arve Varden,
administrerande direktør, Helse Førde