Enormt engasjement for den unike utdanningsinstitusjonen og talentfabrikken

Slik avisene sist veke var det, er også denne utgåva av Firda Tidend prega av mange lesarinnlegg. Dei fleste innlegga handlar om å ta vare på det tilbodet som er ved Firda vidaregåande skule, i denne omgangen først og fremst vg1 dans og drama, som fylkesdirektøren har føreslege ikkje blir starta til hausten på grunn av låge søkjartal.

Les også
Lokalfotballen rullar igjen

Alle innlegga speglar det svært store engasjementet som er for den tradisjonsrike skulen på Sandane med den over hundre år lange historia. Mange fryktar at tilbodet bit for bit blir plukka vekk, og at det til slutt ikkje skal vere noko att.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Vi kan ikkje risikere å kome i ein slik situasjon igjen

Det varmar å sjå at så mange stiller opp for Firda, som i alle år verkeleg har levd opp til slagordet «meir enn ein skule». Og at det langt frå berre er glopparar som vernar om nærskulen sin, men at også tidlegare elevar, foreldre, kulturarbeidarar og -utøvarar frå andre delar av fylket stiller opp og fortel om den unike utdanningsinstitusjonen og talentfabrikken inst i Gloppefjorden, er svært gledeleg å registrere. Det gjev saka meir tyngde innover mot dei politiske miljøa, som sit med siste ord og skal bestemme det heile.

Les også
Ei hjelpande kasse

Om vg1 dans og drama blir starta til hausten, skal avgjerast av hovudutval for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune torsdag. Historia har lært oss at ein ikkje skal ta noko for gjeve, iallfall ikkje før politisk handsaming av ei vanskeleg sak. Men vi håpar og trur dei folkevalde tek med seg dei mange innspela om kva dans og drama har å seie for totaltilbodet ved skulen, for kulturen i Sogn og Fjordane og for dei elevane som har søkt seg dit, går imot fylkesdirektøren sitt framlegg og sikrar at dei tilsette på Firda kan ønskje ein ny generasjon dans- og drama-elevar velkomne til skulestart i august.

Les også
Billegare flybillettar

Vi skal ikkje gå inn på dei mange og gode argumenta som du kan lese i innlegga lenger bak i avisa. Men vi trur argumentet om at det berre er Firda vgs. i Sogn og Fjordane som har tilbod om dans og drama, og at det andre tilbodet i fylket, i Bergen, er fullteikna, blir svært vanskeleg, nærast umogleg, for politikarane å sjå vekk frå. Slik sett vil det overraske oss ein smule om ikkje dei mange som har engasjert seg i saka får ei positiv melding om eit par dagar.

Les også
At ein stiller opp for og bidreg positivt for medmenneske, er ein eigenskap som ikkje kan overvurderast

Men sjølv om det skulle gå vegen for Firda denne gongen, er dette berre starten på det som kjem. Færre elevar i fylket betyr mindre trong for elevplassar, hardare kamp mellom skulane og ei usikker framtid for mange tilbod. Søkjartala blir avgjerande for kva skular som har livets rett og kva tilbod som blir å finne ved dei utdanningsinstitusjonane som framleis lever etter at sparekniven har vore i aksjon.

Les også
Å «bruke opp» det ein har

Firda vgs. har vore og er flinke til å vise fram kva skulen er og kan by på. Det får vi nye prov på den komande tida. Fredag dreg skulen i gang Firdafestivalen 2024. Gjennom ei heil veke kan ein oppleve ulike framsyningar av elevane på linene for musikk, dans og drama, framsyningar som viser noko av mangfaldet av uttrykk og samskaping som oppstår når ungdomar møtest og dreg i same retning med mål om å få til noko.

Les også
Fornuftig tilnærming

Vi oppmodar alle om å møte opp, få flotte kulturelle opplevingar og vise at ein støttar det fantastiske arbeidet som blir gjort ved Firda vidaregåande skule.

Meir enn ein skule.

Les også
Ein ufråvikeleg premiss for semje
Les også
Viktig og flott tilbod
Les også
Skulle berre mangle