Torbjørn Vereide og Jonas Gahr Støre.

Har kome styrka ut

Mange har vore i tvil om Jonas Gahr Støre nokon gong ville bli statsminister. Arbeidarpartiet har ikkje vore i nærleiken av gamal storleik i hans leiartid, pilene har derimot stort sett peika nedover. Han er blitt skulda for å mangle den nødvendige karismaen, og Ap har slite med å ta eigarskap til viktige saker og framstå som eit offensivt opposisjonsparti.

I 2013 fekk partiet 30,8 prosent oppslutning i stortingsvalet. Året etter tok Gahr Støre over leiarklubba etter Jens Stoltenberg, og i februar 2015 synte meiningsmålingane eit snitt på godt over 40 prosent for det tradisjonsrike partiet som har styrt landet vårt i lange periodar sidan Den andre verdskrigen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Før stortingsvalet i 2017 hadde naturleg nok Gahr Støre ambisjonar om å bli statsminister, men enkelte riksmedia sitt sterke fokus på privatøkonomien hans i vekene og månadane før valet, og at han ikkje var ein typisk Ap-mann, gjorde valkampen vanskeleg for han. Ap enda på 27,4 prosent og Erna Solberg fekk fire nye år som statsminister.

Valkampen 2021 hadde langt større fokus på Ap sine saker enn personen som var statsministerkandidat, og sjølv om 26,3 prosent oppslutning historisk sett er eit svært svakt resultat for Arbeidarpartiet, var det nok til å plassere Jonas Gahr Støre i statsministerstolen etter venstresida sin framgang.

For første gong skal Arbeidarpartiet styre landet saman med eit anna parti i ei mindretalsregjering. Tidlegare har partiet alltid vore åleine i regjeringar som ikkje har fleirtal i Stortinget. Situasjonen vil bli krevjande for den nye statsministeren. Først skal han få gjennomslag for Ap sine saker internt i regjeringa, og så må han skaffe fleirtal i stortingssalen.

Det er sjølvsagt alt for tidleg å konkludere med kor god statsminister Jonas Gahr Støre vil bli for landet vårt, men han bør vere nøgd med starten han har fått. Mange venta at dei røynde forhandlarane i Senterpartiet ville gjere livet vanskeleg for han i regjeringsforhandlingane, men det ser tvert imot ut som han har vore hard i klypa og vunne mange kampar.

Det er rett og slett vanskeleg å sjå kva store nederlag Arbeidarpartiet har gått på i Hurdalsplattforma. Senterpartiet vil sjølvsagt hevde at dei har flytta på Ap når det gjeld landbruk, kommuneøkonomi og distriktspolitikk, men dette er saker som også Arbeidarpartiet har snakka varmt om i valkampen. Vi kan iallfall ikkje sjå føre oss at Ap sine forhandlarar føler dei har brukt særleg mykje politisk kapital på desse områda.

Ikkje overraskande måtte Sp bite i det sure eplet med omsyn til reforhandling av EØS-avtalen. Meir overraskande er det at dei gav etter på saker som oppsplitting av kommunar og fylke som er slegne saman mot innbyggjarane sin vilje. Avslutning av tvangsekteskap har vore ein av dei store hjartesakene som Senterpartiet har plukka mange veljarar på i valet, men i møte med den nye statsministeren og mannskapet hans fekk dei ikkje gjennomslag. Også i den symboltunge saka om flystasjonen på Andøya, måtte Sp gje tapt.

Etter vårt syn har Gahr Støre kome styrka ut som partileiar etter regjeringsforhandlingane, og han har fått ein god start som statsminister. Så vil tida framover vise om han held fram med å styrke posisjonen sin. Det blir ei rekkje tøffe kampar i Stortinget. Særleg korleis regjeringa handterer klima- og miljøsaka, vil bli følgt med argusauge av mange.