Grotle og Bjørlo sine skivebommar om skatt og arbeidsliv

Olve Grotle (Høgre) og Alfred Bjørlo (Venstre) har skrive svarlesarinnlegg til mitt innlegg om formuesskatten, kor dei teiknar opp eit heilt feil bilete av røynda.

Det er berre rundt 14 prosent av Noreg si befolkning som betalar formuesskatt, og det er ikkje desse som slit økonomisk i dette landet. Grotle imøtegår ikkje det eg skreiv om at dersom ein fjernar formuesskatten, så vil mange av dei rikaste i Noreg ende opp som nullskatteytarar. Då er det verdt å leggje merke til at det er nokre få superrike som har finansiert Høgres stortingsvalkamp i år, med fleire store private pengegåver. Dette gjer dei fordi dei reknar med å tene på det. Nettavisa E24.no publiserte nyleg artikkelen 'Gir millioner til høyresiden: Kan spare 10-gangen på regjeringsskifte'. Her kan ein lese at dei rike donorane til Høgre, FrP, Venstre og KrF kan spare over ein halv milliard i året på om det vert regjeringsskifte.

Høgre har enno ikkje gjeve oss eit fullstendig reknestykke på korleis dei har tenkt å dekke inn sin politikk med unødvendige og skadelege skattelettar til det rikaste mindretalet i samfunnet, men vi har fått vite om noko av grepa dei har tenkt å ta. Vi veit til dømes at Høgre vil doble maksimalprisen for ein barnehageplass, samt kutte i skattefrådraget for betalt fagforeiningskontingent, begge to tiltak som vi i Raudt er sterkt imot.

Då Solberg sist sat som statsminister gav ho Frischsenteret og Senter for skatte- og atferdsforskning ved NMBU i oppdrag å greie ut korleis formuesskatten påverkar små og mellomstore bedrifter. Rapporten deira konkluderte i 2020 med at formuesskatt aukar sysselsettinga i Noreg. Dette kan ein lese om i Dagens Næringsliv sin artikkel 'Rapport: Økt formuesskatt skaper flere arbeidsplasser'. Rapporten med tittelen 'Sluttrapport fra utredningsoppdrag om formuesskatt, norske bedrifter og eierskap' ligg framleis ute på nettstaden regjering.no, og her kan ein mellom anna lese dette: «Hovedresultat fra denne analysen er at økt formuesskatt for majoritetseiere i nært eide, små og mellomstore virksomheter i gjennomsnitt bidrar til å øke sysselsettingen i den virksomheten de eier.»

Grotle skriv i sitt lesarbrev at Raudt sin politikk går ut på å «svekke rammevilkåra for distriktsnæringslivet ytterlegare». Sanninga er at Raudt sin politikk vil skape fleire jobbutlysningar og fleire arbeidsplassar i Sogn og Fjordane. Raudt går inn for ei auke i kommuneøkonomien og fylka sin økonomi som vil gje fleire nye stillingar som folk kan søkje på. Det same gjeld Raudt sin politikk for å styrke lokalsjukehusa økonomisk. Raudt sin politikk er vidare god for fastlandsindustrien i Noreg, spesielt i distrikta, fordi Raudt går inn for eit lovfesta tak på nettleiga for alle, inkludert næringslivet. I tillegg til dette går Raudt inn for å omplassere delar av Oljefondet til eit investeringsfond for å gjere strategiske investeringar i hjemleg industriproduksjon, med formål om å sikre til dømes teknologisk utvikling, fleire industriarbeidsplassar og meir vidareforedling i Noreg. Det er òg Raudt sin politikk og gjeninnføre ein sterkare erhvervs- og konsesjonslovgjevnad for å skjerme norsk industri mot utanlandske oppkjøp. Raudt går vidare inn for å nytte eksisterande statleg eigarskap aktivt for å behalde og vidareutvikle industriproduksjon i Noreg, auke graden av gjenvinning, samt sikre lengre verdikjeder i norsk industri. Raudt vil dessutan auke den økonomiske stønaden til bedriftsetablering gjennom auke i løyvingane til regionale utviklingsmidlar og kommunale næringsfond, samt etablere eit investeringsfond for demokratiske bedrifter, òg kalla for arbeidarkooperativ.

Rita Tonning, 

1. kandidat for Raudt Sogn og Fjordane i stortingsvalet

 

Powered by Labrador CMS