Driv de dobbeltspel, Aleksander Øren Heen?

På framsida av Sogn Avis, 2. januar 2021, seier Aleksander Øren Heen at han og resten av Senterpartiet vil ha ei folkerøysting om Vestland. Men kvifor i alle dagar gjekk de då imot Raudt sitt forslag om dette for berre 17 dagar sidan i fylkestinget? Har de verkeleg endra meining om dette i løpet av dei siste to vekene? Eller gjekk de imot fordi det var Raudt som kom med forslaget?

Raudt har heile tida gått inn for å dele opp att Vestland i dei to sjølvstendige fylka Hordaland og Sogn og Fjordane. Meiningsmålinga som nett var gjort for Firda, Firdaposten og Sogn Avis syner at 69,5 prosent av folk i Sogn og Fjordane vil ha tilbake Sogn og Fjordane som sjølvstendig fylkeskommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dersom Senterpartiet no har snudd når det gjeld lokal folkerøysting om gjenoppretting av Sogn og Fjordane, så er det sjølvsagt positivt. Vi treng ei lokal folkerøysting om Vestland, og vi vonar at Senterpartiet no vil gå inn for og røyste for dette på det første fylkestinget i Vestland i 2021. Oppmodinga om å gå inn for folkerøysting går og til alle dei andre partia på fylkestinget: La folk i Vestland få seie kva dei meiner om fylkessamanslåinga i ei lokal folkerøysting.