– Butikken er limet i bygda

Ingen blir rik av å drive nærbutikk i Distrikts-Norge. Likevel har fleire hundre kjøpmenn satsa på eit liv i små bygdebutikkar. Kanskje dei gjer det fordi dei kjenner kor viktig det er å knyte bygda saman?

Det siste året har gitt eit oppsving i mange bygdebutikkar. Vi har ikkje reist til utlandet, og vi har vore meir heime. Eit av resultata har vore at vi har handla meir heime. Det gir grunn til optimisme. Butikken får litt meir musklar og kan gje eit betre tilbod. Slik er det dei fleste butikkdrivarar rundt om i Distrikts-Norge tenkjer: Korleis kan vi ta vare på butikken si framtid? Korleis kan vi ta vare på bygda si framtid?

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei to spørsmåla heng tett saman. Butikken bidreg til å få bygda til å vere ein plass der folk vil bu. At det bur folk i bygda som brukar butikken, bidreg til at butikken overlever og gir eit godt tilbod.

Ein bygdebutikk er ikkje berre butikk. Den er møteplass og tilbyr ofte tenester som styrker bygda på andre måtar. Ein fersk rapport frå Oxford Research fortel at når butikken tilbyr tenester som løfter servicetilbodet i bygda til å vere meir enn å tilby daglegvarer, har det positive samfunnsøkonomiske effektar. Butikken kan til dømes tilby kommunale tenester som heimlevering av varer, serviceskyss og vaktmeistertenester for eldre. Det kan gjere at fleire kan bli meir sjølvhjelpne og kan bu lengre heime, og kommunane kan spare utgifter knytt til heimetenester eller institusjonsplassar. Samtidig får butikken betalt av kommunen. På same måte er ofte butikken viktig for lokalt næringsliv, som har ein plass som kan ta imot pakkar eller selje drivstoff.

Verdien av bygdebutikken ligg i kombinasjonen av alt dette. Daglegvarer, andre varer og tenester tilpassa det lokale behovet gjer bygda til ein god plass å bu, med det ein treng i kvardagen tilgjengeleg. Om dei ulike tilboda hadde vore splitta opp, er det ikkje sikkert nokon av dei hadde hatt livets rett. Difor betyr den lokale handleturen vår mykje. Den gjer at vi også har ein butikk å stikke innom for å handle ketsjup når flaska er tom og grillen varm. Den gjer at vi har ein stad å hente pakkar eller medisinar utan å leggje ut på langtur. Den gjer at farmor kan bu heime nokre år til.

Merkur er eit utviklings- og kompetanseprogram for små butikkar i Distrikts-Norge. Vi jobbar for å sikre at folk har tilgang til daglegvarer der dei bur og gode tenester knytt til nærbutikken. I fjor fekk 221 nærbutikkar til saman nesten 53 millionar kroner i støtte. Sjølv om butikkdrift og tilleggstenester gjer at butikken klarar seg, gir det ikkje økonomi nok å til å klare naudsynt modernisering og investering i nytt utstyr.

I tida framover vil du i mange butikkar som er med i Merkur-programmet, få ei påminning om at det er viktig å handle lokalt. Men det er ikkje å lese plakaten som er viktig. Dersom du meiner det er viktig å ha ein butikk i bygda, vil det vere klokt å handle mest mogleg lokalt. Dersom du og resten av familien handlar for 100 kroner meir på nærbutikken kvar veke, vil det til saman utgjere ein million kroner i året i ei bygd med 200 husstandar. Det kan sikre at butikken overlever – og du og dei andre kundar kan få både større vareutval og fleire nyttige tenester på kjøpet.

Når du handlar på lokalbutikken, er du med på å gjere bygda meir attraktiv både for dei som bur der og for dei som kjem på besøk.

Direktør Marit L. Mellingen og avdelingsleiar Steinar Fredheim, Distriktssenteret