Bunad for alle?
Når bunadbruk- og handverk berre kjennest mogleg på bestemte premissar, blir bunaden mindre folkeleg. Vi treng fagkunnskap, men vi treng òg tillit til at folk kan lære, prøve og bruke bunaden utan å «ha alt klart».
Kvar vår blussar debatten kring bunaden opp. Må eg ha hovudplagg? Kan eg bruke joggesko? Kva med silketørkle og fargerike skjorter? Slike spørsmål kjem att år etter år. Det meir interessante å spørje seg er heller: Korleis kan fleire få reell tilgang til bunaden: som plagg, handverk og kulturarv?
Bunaden er meir enn eit festplagg. I 2024 vart Bunadbruk i Noreg, tradisjonshandverk og sosial praksis skriven inn på UNESCO si liste over immateriell kulturarv. Det minner oss om at kulturarven ikkje berre ligg i stoff og sølv, men og i bruken og i kunnskapen som går i arv mellom menneske.
Ei uro vi bør ta på alvor
I bunadmiljøet har det vore peikt på ei uro: Handverkstradisjonar kan bli svekte dersom terskelen for å lære og å delta blir for høg. Når færre kjenner at dei kan setje seg inn i bunadssaum, reparasjon og vedlikehald, mistar vi noko av det folkelege kunnskapslaget bunadtradisjonen kviler på.
Samstundes må vi halde fast ved noko som òg er sant: Fagkunnskap er heilt avgjerande. Bunadtilverkarar, forsking- og dokumentasjonsmiljø og dei som sikrar kvalitet i teknikkar og materiale, ber mykje av ansvaret for at bunaden blir teken vare på. Utfordringa er å styrkje fagmiljøa, utan å stengje dørene for dei som vil lære å lage sjølve.
Unge vil lære
Statusrapporten Bunad nå! Status 2025 viser at mange unge ønskjer å sy heile eller delar av bunaden sjølve, så lenge dei får rettleiing. Det er eit gledeleg teikn. Slik kan bunaden framleis vere ein inngang til praktisk skaparglede.
Likevel opplever mange at det er vanskeleg å kome i gang. For ein del bunader er det krevjande å få tak i materiale utan å gå på kurs først, og somme møter stengde dører når dei ber om metervare eller delar dei treng. Ordningane kan ha gode grunnar: kvalitetssikring, avgrensa lager, leverandøravtalar og ønskje om at folk skal lykkast. Men effekten kan bli at bunadssaum kjennest som noko vi berre kan lære på bestemte premissar, i staden for noko ein gradvis kan setje seg inn i og meistre.
Når terskelen blir for høg, tapar vi på fleire måtar. Færre tør å gjere enkle reparasjonar. Bunaden blir meir sårbar i bruk. Den folkelege kunnskapen blir svakare, fordi første møtet med bunadhandverk kan kjennast både dyrt, utilgjengeleg, og berre for dei faglærde.
Når du sjølv, eller nokon du kjenner, har bidrege med noko på bunaden, blir han meir enn berre eit plagg. Han blir eit minne du kan ta på. Og, ja – det kan også vere det som gjer at ein kjem i mål økonomisk.
Kva kan opne dørene?
Om vi meiner alvor med bunadglede for alle, må vi sjå på korleis læring og tilgang fungerer i praksis. Rettleiing treng ikkje alltid å vere lik kostbare kursløp. For mange er gode instruksjonar, opne fagkveldar eller enkel rettleiing undervegs nok til å kome i gang. Like viktig er det å gi folk tillit til å prøve sjølve: vi må stole på dei som har erfaring, eller tilgang på kunnskap gjennom familie, vener eller andre med handverksbakgrunn. Ein skal ikkje trenge å gå på eit nytt kurs for kvar stakk ein sett i gang med.
Reparasjon og omsaum bør òg bli ein meir naturleg del av bunadbruken. Å tilpasse, lappe eller sy om ein bunad er ein viktig vidareføring av tradisjonen, og eit konkret uttrykk for berekraft. Det same gjeld brukt bunad: Når ein bunad får gå i arv eller bli seld vidare og tilpassa ein ny brukar, blir han ei kjelde til glede igjen og eit godt berekraftig val.
Og så er det verdt å poengtere ein viktig ting: Du treng ikkje å «ha alt klart» før du kan bruke bunaden. Bunaden er først og fremst ein brukstradisjon. Har du ikkje stølebelte, hovudplagg eller alle delane på plass enno, kan du likevel gå i bunad med det du har. Tilbehøyret kan kome etter kvart, eller ikkje i det heile.
Fem organisasjonar - Norges Husflidslag, Noregs Ungdomslag, Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Norsk folkedraktforum og Studieforbundet kultur og tradisjon - samarbeider for å styrkje bunaden som tradisjonshandverk og sosial praksis. Dette arbeidet handlar i praksis om å ta vare på kvalitet og kunnskap, samstundes som fleire får ein veg inn.
Bunaden som felles eigedom
På 17. mai går vi ikkje i bunad for å bestå ein test. Vi går i bunad for å feire, høyre til og kjenne oss som del av noko større. Da må bunaden romme både dei som har fagbrev og dei som har lyst til å prøve, dei som «kan alt» og dei som vil lære. Og han må romme dei som ikkje bryr seg om noko anna enn å ha på seg det finaste dei har.
Bunadglede handlar om å opne dører, ikkje å stengje dei. Spørsmålet er om vi held døra open for alle.
Noregs Ungdomslag
Norges Husflidslag
Studieforbundet kultur og tradisjon
Norsk folkedraktforum
Instituttet for bunad og folkedrakt