Bjørnar Skjæran (t.v.) og Torbjørn Vereide.

– Arbeidarpartiet vil ha mindre forskjell på folk

I fjor fekk Arbeidarpartiet fleirtal i Stortinget for å fryse politikarløna. No før påska var Jonas Gahr Støre ute med vårt krav om lønsfrys for leiarar i privat og offentleg sektor, og framleis frys for politikarane. Det er ei understreking av at vi meiner alvor: Lønsgaloppen på toppen må stoggast. No må det bli mindre forskjell på folk.

I eit innlegg som vart sendt ut til avisene denne veka, skriv Raudt-veteran Geir Oldeide noko som er på gjerdestolpen mellom applaus og forbanning av partiet vårt. Det tek vi med knusande ro. Men innlegget har likevel nokre faktafeil, spesielt om kva Arbeidarpartiet har stått for – og jobba for – i dette krevjande året.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det viktigaste for oss har vore å sikre arbeidstakarane og bedriftene. Med eit føreseieleg permitteringsregelverk og rettferdige krisepakker som gjer det meir leveleg for alle som står midt i det. Sjølv om vi ikkje har fått gjennomslag for alt, så er vi stolte av å ha sikra fleirtal for mange tiltak.

Noko som vi derimot ikkje har fått fleirtal for i møte regjeringspartia, er kva vilkår vi skal sette til pengane som blir brukt frå felleskassa vår: «Ap vil nekte krisehjelp til bedrifter som utbetaler utbytte og bonus» er tittelen på ei VG-sak med Jonas. Oldeide kan notere seg at saka er frå 17. mars i fjor, så dette har vi vore klare på heile vegen.

Vi fekk òg rett i våre åtvaringar. Det har vore mange døme på bedrifter som har teke ut store bonusar av den statlege krisestøtta i staden for å sikre dei tilsette. For oss er dette uakseptabelt. Om ein først skal bruke dugnadsomgrepet, så må det gjelde alle.

Arbeidarpartiet har alltid vore, og vil alltid vere, arbeidstakarane sitt parti. Vi skjøner at folk både har behov for ein jobb å gå til, ei løn å leve av, heile faste stillingar og gode velferdstenester der dei bur. Vi ser òg at fellesskapskjensla i samfunnet, tilliten folk imellom og mellom folk og styresmakter, heng saman med små forskjellar.

Difor kombinerer vi ein truverdig politikk for vekst og arbeidsplassar i heile landet, blant anna med vårt forsvar for EØS-avtalen, med ein offensiv politikk for velferd, trygt arbeidsliv og rettferdig fordeling.

Etter åtte år med meir til dei med mest frå før, så er det på tide at vi tek eit tak for å få ned forskjellane mellom folk.

Torbjørn Vereide (Ap), 1. stortingskandidat, Sogn og Fjordane

Bjørnar Skjæran (Ap), nestleiar