Jenny Følling er ordførar i Sunnfjord kommune og har vore leiar av Fjordane IPR dei to siste åra.

Å svekke flyrutene i Fjordane er å svekke Noreg

I Fjordane lever vi med avstandar, fjordar, fjell og eit vegnett som ofte er sårbart for ras, uvêr og stenging. Vi har ikkje tog, og dei kollektive reisemåtane som finst, gir ikkje grunnlag for dagsreiser til hovudstaden eller dei største byane. For oss er ruteflytilbodet ikkje eit tillegg til mobiliteten – det er sjølve kollektivsystemet vårt. Difor har flyplassane i Florø, Førde og Sandane ein funksjon som går langt utover det å frakte folk frå A til B. Dei er avgjerande for beredskap, næringsliv og offentlege tenester i heile regionen.

Flyplassane inngår i den operative beredskapen til Helse Førde. Dei vert nytta til pasienttransport, ambulanseflygingar, transport av helsepersonell og utstyr. I ein region med krevjande topografi og ofte uforutsigbare vegar kan ikkje samfunnstryggleiken vere avhengig av om E39 er open eller om ferja går. Eit stabilt og føreseieleg flytilbod handlar om tryggleik – ikkje komfort.

Samtidig er regionen ein sterk og internasjonalt retta næringsregion. Energi, havbruk, maritim industri, teknologi, reiseliv og eksportverksemd er heilt avhengige av tilgang til nasjonale og globale marknadar. Når vi skal rekruttere fagfolk, delta i prosjekt, møte kundar eller vidareutvikle innovasjon, er det tidskritisk å kunne reise effektivt. Dersom rutetilbodet blir svekka, blir konkurransekrafta svekka. Då flyttar arbeidsplassar – ikkje fordi viljen manglar, men fordi infrastrukturen ikkje held.

Florø, Førde og Sandane utgjer eit samla og funksjonelt flyplassystem. Dei har ulike nedslagsfelt og kan ikkje erstatte kvarandre. Å svekkje eitt ledd, svekkjer heile strukturen. Difor er FOT-ordninga så viktig: ho sikrar eit tilbod der marknaden åleine ikkje kan bere kostnaden, og ho sikrar det med regularitet og frekvens som gjer samfunnet i stand til å fungere. Utan desse rutene mistar vi ikkje berre flyavgangar – vi mistar grunnlaget for busetjing, arbeidsliv og beredskap.

Samtidig står vi framfor nye moglegheiter. Kortbanenettet vårt er ideelt for å ta i bruk nullutsleppsfly. Vi kan bli ein pilotregion for framtidas grønne luftfart. Men det føreset at det eksisterande tilbodet blir halde oppe, ikkje redusert.

Difor står Region Fjordane samla. Vi har gitt tydelege tilbakemeldingar til både Vestland fylkeskommune og Samferdselsdepartementet, og vi har løfta saka i dialog med stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane. Vi forventar at våre innspel vert tekne inn i det vidare arbeidet. For oss handlar dette ikkje om å be om meir enn andre – men om å sikre at det framleis er mogleg å leve, arbeide og skape verdiar i kyst- og fjordregionane våre.

Flyrutene er ikkje eit gode. Dei er infrastrukturen samfunnet vårt kviler på.

Jenny Følling, 

leiar av Fjordane interkommunalt politisk råd

Fakta om Region Fjordane:

· Fjordane interkommunalt politisk råd (IPR) er eit politisk råd med 11 medlemskommunar frå tidlegare HAFS-regionråd, Samarbeid i Sunnfjord og Nordfjordrådet

· Jenny Følling er leiar av Fjordane IPR

· Elisabeth Hatlenes er sekretariat og har ansvar for den daglege drifta

· Stad kommune er vertskommune for samarbeidet

Powered by Labrador CMS