Å lukkast som skuleeigar

Korleis kan vi i kommunestyret i Gloppen sikre at vi lukkast som skuleeigar? Vi i Høgre har stor tru på lærarane og elevane våre, og ikkje minst ressursen som er hos dei føresette. Det kan likevel vere utfordringar som skuleeigar står overfor, når ein til dømes skal implementere kvalitetstiltak og utøve eigarskap for grunnskulen.

For å sitere professor Kjell Arne Røvik: «Tommelfingerregelen er, at jo nærmere praksisfeltet en reformidé kommer, dess mer øker kompleksiteten, detaljeringsgraden og «temperaturen». Då er det naturleg å stille spørsmålet; kor nært har vi i kommunestyret, spesielt oppvekstutvalet, vore på praksisfeltet (skulane) i perioden som har vore?

Artikkelen held fram under annonsen.

Allereie i 2010 slo KS fast at vi treng ein meir synleg skuleeigar og politikarar med ambisjonar, engasjement og innsikt. Ekspertgruppe for skolebidrag (2021), framhevar at høg grad av medverknad frå elevar, lærarar, skuleleiarar og skuleeigarar bidreg til å styrke skulen sin kunnskap og kompetanse. Kompetanse knytt til skulen på alle nivå, også dei over skulen, er heilt nødvendig i arbeidet med kvalitetsutvikling.

Kvar står vi i dag? Er vi som skuleeigar aktiv og synleg? Har vi ambisjonar, engasjement og innsikt? Gjennom deltaking med politiske representantar i skulen sine utval som samarbeidsutvalet (SU) og skulemiljøutvalet (SMU) vil vi som skuleeigar kunne kome tett på «temperaturen» i skulane våre. Korleis har dei tilsette det, korleis har elevane det, korleis opplev dei føresette barna sin skulekvardag? Signala frå møta i utvala kan brukast til å utøve ein aktiv eigarskap.

Vi i Høgre har gjort ei lita uformell undersøking av «temperaturen» knytt til SU og SMU ved skulane i kommunen vår. Vi har dessverre ikkje vore representert i oppvekstutvalet i inneverande kommunestyreperiode, og baserer derfor vår enkle undersøking på tilgjengeleg informasjon funne i kommunen si postliste og på skulane sine nettsider. Vi tek derfor atterhald om at informasjonen kan vere mangelfull. Dette gjev likevel eit bilete av kva andre kan finne av informasjon via dei opne kanalane våre. Dei tre siste skuleåra (20/21, 21/22 og 22/23) kan det sjå ut som om dei fem skulane i kommunen har gjennomført følgjande møte i utvala:

Gloppen ungdomsskule 1 SU-møte

Hyen skule og barnehage 2 SU-møte

Sandane skule 3 SU-møte

Breim skule 5 SU-møte

Nordstranda skule 6 skulemiljøutvalsmøte

Artikkelen held fram under annonsen.

Utdanningsdirektoratet sin rettleiar for skulemiljøutvala tilrår åtte møte i løpet av eit skuleår. Opplæringslova seier ingenting om møtefrekvens, men Stavanger kommune har til døme i sine retningsliner at det skal avhaldas 6-8 SU-møte for kvart skuleår og Øygard ungdomsskule har vedtatt eit årshjul med seks møte per skuleår.

Opplæringslova §9 A-9 seier blant anna følgande: «Samarbeidsutvalet, […] skolemiljøutvalet, elevrådet og foreldra skal haldast informerte om alt som er viktig for skolemiljøet, og så tidleg som mogleg takast med i arbeidet med skolemiljøtiltak.»

Ifølgje Foreldreutvalget for grunnopplæringen har den politiske representanten i SU følgande oppgåve:

[…] et særlig ansvar for å informere samarbeidsutvalget om skolepolitiske saker og bidra til at samarbeidsutvalget kan drøfte saker før de behandles i politiske utvalg eller kommunestyret. Den politiske representanten skal også ivareta skolens interesser overfor organer med beslutningsmyndighet.

Firda Tidend publiserte ein artikkel (12.11.20) «-Samd i at prosessen går for fort» der Bernt Reed, politisk representant i SU ved Sandane skule, uttalar at det enda ikkje har vore noko SU-møte på skulen noko han «ikkje er tilfreds med».

Korleis klarer skulane i Gloppen å halde utvala informert så tidleg som mogleg om alt som er viktig knytt til skulemiljøet med ein møtefrekvens i snitt på 0,7 SU-møte i året og 0,3 SMU-møte for kvart skuleår dei tre siste skuleåra?

Her kan det virke som om det er ei utfordring dersom skuleleiarane og dei politiske representantane ikkje nyttar dei moglegheitene som ligg i utvala. Hensikta med desse møta er å styrke elevar og føresette si moglegheit til medverknad i skulen, og at vi som skuleeigar får eit inntrykk av «temperaturen». Skuleåra 20/21 og 21/22 var nok prega av tiltak knytt til pandemien, men desto viktigare å vere i dialog med dei ulike brukarane og aktørane i skulen.

Basert på vår eiga uformelle undersøking kan det vere grunn til å stille spørsmålet: I kor stor grad har elevar og føresette gjennom dei formelle organa moglegheit for medverknad i Gloppen? Når medverknad og kjennskap til skulen på alle nivå vil styrke kunnskap og kompetanse i skulen, er det då eit unytta potensial for større utvikling og vekst? Vi i Høgre meiar at når eit parti får så stor oppslutning som Senterpartiet har gjort dei siste 50 åra, er konsekvensen at medverknad og lokaldemokratiet blir svekka. Den politiske breidda manglar dessverre i kommunen sine utval. Vi i Høgre håpar no på fleire stemmer til dei andre partia under komande val (og då spesielt til oss i Høgre sjølvsagt), men ei stemme som sikrar mangfald er betre enn ei stemme som sikrar fleirtal for eit parti over fleire tiår.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi i Gloppen Høgre vil i posisjon vere garantist for at Gloppen kommune som skuleeigar tek ansvar gjennom engasjement, innsikt, kunnskap, nasjonale føringar, samarbeid med lærarar, elevar og føresette samt ha høge ambisjonar for kvalitet i Gloppen-skulen.

Jan Ove Rygg,

ordførarkandidat for Høgre i Gloppen kommune

Beate Dybendal Nordvik,

2. kandidat for Gloppen Høgre