10 grunnar for å stemme KrF

Gloppen KrF sin ordførarkandidat Per Ståle Husevåg flankert av 2. kandidat Ragne Mari Røed Kandal og 3. kandidat Olav Klungre.

Gloppen KrF presenterer i år ei valliste med personar frå heile kommunen og som vi meiner vil gjere ein god innsats for at Gloppen framleis skal vere ein god kommune å bu i. Gjennom lesarinnlegg og i møte med folk har vi presentert kva KrF står for. No nærmar valdagen seg og du skal gjere eit val på kva parti som skal få stemma di.

Nedanfor kan du lese 10 grunnar kvifor du bør nytte KrF si liste ved dette valet:

Artikkelen held fram under annonsen.

1. Verdiar som varer

KrF vil ta vare på dei verdiane Norge er bygde på, desse kan vi ikkje ta for gitt. Kjenner vi røtene våre, er vi også tryggare i møte med nye menneske og kulturar. Menneskeverdet, nestekjærleiken og forvaltaransvaret er verdiar å bygge framtida på.

2. Tid og valfridom til familien

KrF vil vidareføre kontantstøtta fram til barnet er 2 år. Vi vil fortsette å styrke barnetrygda til 2.000 kroner per månad for barn mellom 0-6 år, og til 1.500 kroner per månad for dei mellom 6 og 18 år.

3. Et aldersvenleg samfunn

KrF meiner det er på tide at dei som tar seg av sine eldre blir verdsett. Det skal vere godt og trygt å bli gamal i Norge. Derfor vil KrF ha ei eiga pårørandestøtte. Utbygginga av sjukeheimsplasser må fortsette og heimetenesta må styrkast.

4. Trygg omsorg når du treng det

Norge skal ha eit godt helsevesen som kan gi rett hjelp til rett tid. I dag spring helsepersonell frå oppgåve til oppgåve. KrF vil jobbe for auka rekruttering og ein betre arbeidskvardag for helsepersonell.

Artikkelen held fram under annonsen.

5. Levande lokalsamfunn med gode arbeidsplassar

KrF vil legge til rette for lokalt forankra bedrifter som skaper trygge arbeidsplassar, og som bidreg til å byggje gode lokalsamfunn i heile kommunen. E39 må bli ferjefri og utbetra i Gloppen, og KrF står på for at fylkesveg 615 må bli betre.

Vi ønskjer eit livskraftig landbruk som gir auka matproduksjon, betre inntektsutvikling for bøndene og styrka jordvern.

6. Meiningsfull og trygg oppvekst

KrF vil innføre eit nasjonalt fritidskort som gir alle barn og unge uavhengig av økonomi og sosial status høve til å delta i fritidsaktivitetar. KrF vil jobbe for reell bemanningsnorm i barnehagane. Vi vil at Gloppen skal halde fram med 4 dagars skuleveke for 1. og 2. klasse. Gode gang- og sykkelvegar vil KrF vere ein pådrivar for.

7. Menneskeverd i alle livet sine fasar

Vi vil kjempe for menneskeverdet i alle livet sine fasar. Ingen skal sorterast bort! KrF vil ha betre støtte til dei som får barn med ekstra behov. Politikk skal vere for dei som treng det mest. Vi sier tydeleg nei til svekking av rettsvernet for ufødt liv og til aktiv dødshjelp.

8. Fortsette kutt i klimagassutslepp

Artikkelen held fram under annonsen.

KrF vil ta vare på jorda for dei som kjem etter. Derfor jobber vi for offensive klimatiltak som skal sikre at vi når klimamåla. Klimakrisa er først og fremst ei krise for verda sine fattige. Menneske må legge på flukt som følgje av store klimaendringar. Men vi merkar det også i vårt eige land med mellom anna meir ekstremvêr. Det er vårt ansvar å gjere noko med det. Gloppen må snarast få sin eigen klima- og miljøplan.

9. På lag med dei som treng det mest

Vi vil støtte ideelle og frivillige aktørar innan mellom anna rusomsorg og barne- og ungdomsarbeid og kulturliv. Desse er grunnpilaren i kulturlivet og kultur er viktig for å forebygge og hjelpe menneske i ein sårbar situasjon.

10. Nestekjærleiken kjenner ingen landegrenser

KrF vil framleis halde bistanden og utviklingshjelpa høgt. Vi vil ta vare på jorda for dei som kjem etter. Klimakrisa er først og fremst ei krise for verda sine fattige. Vi må bidra til å stoppe klimaendringane ved å kutte utslepp nasjonalt og bidra aktivt internasjonalt.

Godt val!

Per Ståle Husevåg, ordførarkandidat

Ragne Mari Røed Kandal, 2. kandidat

Artikkelen held fram under annonsen.

Olav Klungre, 3. kandidat

Arnfinn Brekke, leiar Gloppen KrF