Jon Aske. Foto: Kjell Thue.

Vil løfte fram folkemusikaren, komponisten og kulturarbeidaren

Jeremias folkemusikkforeining skipar til konsertkveld i Gimle laurdag 18. april.

Denne gongen ønskjer foreininga å løfte fram folkemusikaren, komponisten og kulturarbeidaren Jon Aske (1928-2012).

Jon Aske var bonde i Fjellbygda, men har sjølv sagt at hadde han ikkje vore odelsgut, kunne det blitt ein karriere innan klassisk musikk. Det vart ein musikkveg gjennom livet likevel, i folkemusikken. For mange er namnet hans sterkt knytt til Austrheim Musikklag. Han starta opp att musikklaget etter krigen og var musikalsk leiar i nesten 60 år.

Jon Aske var folkemusikar , men han var også medlem i fleire orkester og grupper som dyrka den klassiske arven, mellom anna Sogn og Fjordane symfoniorkester.

Mindre kjent enn spelemannen er Aske si rolle som initiativtakar til skiping av Gloppen Musikkskule i 1974, i dag Gloppen Kulturskule. Han var styreleiar fram til 1980, i den første musikkskulen i Sogn og Fjordane.

Aske komponerte fleire slåttar som har vore mykje brukte. Eit utval av desse vil Austrheim Musikklag spele denne laurdagskvelden. Ove Eide vil fortelje om Aske og om dei ulike lag og orkester han var med i, og om dei rollene han har hatt i kulturlivet i kommune og fylke.

Etter programmet – og med kaffi og sveler som bygdekvinnelaget serverer – vert det dans til musikk av Austrheim spelemannslag og Grannelaget.

Vel møtt til feiring av ein av dei store kultur-personlegdomane i Gloppen!

Jeremias folkemusikkforeining

Powered by Labrador CMS