
Signe sette fokus på fellesskap, tryggleik og framtidstru
Signe Bjotveit sette søkjelyset på fellesskap, tryggleik og framtidstru i ei uroleg verd då ho heldt dagens tale i Gimle på 17. mai.
"Kjære alle saman – gratulerer med dagen!
I dag feirar vi Grunnlova. Vi feirar fellesskapet. Vi feirar Noreg – og alt vi har bygd saman.
Men 17. mai er òg ein dag for ettertanke. Ein dag for refleksjon. Ein dag for å kome saman.
Særleg no, når fleire og fleire av oss kjenner på uro – ei uro som kryp nærare inn i kvardagen.
I møte med uro, blir behovet for tryggleik tydelegare.
Behovet for å høyre til. Å leve gode og meiningsfulle liv – saman.
For vi veit: verda er ikkje alltid ein trygg og oversikteleg stad.
Vi ser det på nyhendene, vi snakkar om det rundt middagsbordet, og – i alle fall hos meg – tek det meir og meir plass i tankane.
Store og kjende stemmer i samfunnet er tydelege og dei seier det same: Verda er blitt meir uroleg.
Som eitt døme minner langtidsplanen for forsvaret om at tryggleiken vi kanskje før har tatt for gitt, må styrkast og vernast.
Krigen i Ukraina held fram – og minner oss brutalt om at fred og fridom ikkje er sjølvsagt.
I Midtausten ser vi djupe menneskelege lidingar.
Verdsleiarar opptrer uforutsigbart og aukar spenningane.
Det er heilt naturleg å kjenne på uro. Noko anna hadde vore rart.
Og samstundes – dette kan kjennast fjernt frå kvardagslivet vårt her heime.
Og det er bra. Vi er heldige.
Men vi kan ikkje ta det for gitt.
For 80 år sidan vart Noreg fritt igjen etter 2. verdskrig. Då kapitulasjonen kom i mai 1945, sa leiinga i Heimefronten det slik:
“Vi har lært også dette: noe er større enn våre personlige interesser og krav. Landet, folket, det Norge som er berget gjennom trengslene.”
Desse orda gir framleis gjenklang.
For det handlar om fellesskap. Om å stille opp – ikkje berre for oss sjølve, men for kvarandre.
Og det handlar om noko som kan verke gammaldags, men som aldri går ut på dato: nasjonalkjensle.
Motstandsdiktaren Gunnar Reiss-Andersen skildra korleis det å bli fråteken landet sitt, vekte ei ny og sterk kjensle av tilhøyrsle.
Om diktatoren skreiv han: “Han gav oss lengselen til vårt fedreland.”
Mitt Noreg – mitt fedreland – er ein inkluderande nasjonalstat. Den er bygd på tillit, på samhald, på demokrati.
Og viktigast av alt: Vi har kvarandre.
Vi står ikkje makteslause i møte med urett – verken før eller no.
Tryggleik er noko vi bygger – i lag. Og det kjem ikkje av seg sjølv.
Her på Nordstranda ser vi det kvar einaste dag.
Vi ser det i dei frivillige laga og foreiningane. I idretten. I skulemusikken. I bygdekomiteen. I samlingspunkta. Vi ser det når folk stiller opp – om det er i kiosken på 17. mai, eller når nokon treng ei utstrekt hand.
Vi veit kor viktig det er å høyre til og alt dette er ein del av motstandskrafta vår.
For tryggleik handlar ikkje berre om politikk og beredskap.
Tryggleik handlar også om deg. Og meg.
Om å høyre til i ein familie. I ei vennegruppe. I eit nabolag.
Om å bli sett. Å vere ønska. Å vere viktig for andre.
Tryggleik er limet i eit samfunn. Men det kjem ikkje gratis – det krev at vi bryr oss.
Så kva kan eg og du gjere, heilt konkret, for at folk rundt oss skal kjenne seg trygge?
Det treng ikkje vere så stort. Det kan vere som med kjeldesortering: litt her og litt der, så bidreg du inn i det store klimabildet.
Ei helsing. Eit smil. Eller kanskje meir “gløppisk”; eit nikk.
At du spør ein nabo korleis han har det. At du toler at folk er ulike deg sjølv.
Og i dag vil eg slå eit slag for ein raus og forventningsfri 17. mai.
Det går heilt fint at bunaden er litt for stram, eller at den ikkje ville på i det heile. Det går fint at isen smeltar i sola og at ungane kjem heim med grønske på alle klede.
Det er fint at ikkje alt er perfekt. Ein kan ikkje alltid ha kontroll.
Er vi rause med oss sjølve og andre skapar vi tryggleik. Saman.
For når det stormar rundt oss, blir det endå viktigare å halde fast ved det som samlar oss.
Og her på Sandane, i Gloppen, har vi mykje å vere stolte av.
Så lat oss halde fast ved det vi har – og stå saman om det vi trur på. Lat oss vere takksame for fridomen, rause med kvarandre, og modige i møte med framtida.
Verda treng fleire fellesskap som vårt.
Fleire bygder som løftar kvarandre.
Fleire land som står opp for fridom og fred.
Og i dag minner vi kvarandre på:
Det startar her. Med oss.
Gratulerer med dagen!"