Tine Thing Helseth er ein av sju musikarar som kjem til Gloppen i byrjinga av september.

– No kjem kammermusikken endeleg til sin rett

Gloppen Musikkfest skulle etter planen ønskje Det Norske Kammerorkester velkomen til Sandane og Gloppen i september. Slik vart det ikkje, men årets festival blir inga reserveløysing og står støtt på eigne bein, om enn til eit mindre publikum.

Kulturlivet har hoppa over og krope under mange hinder det siste halvåret. Gloppen Musikkfest var blant dei som frykta ei avlysing etter at koronapandemien breidde om seg. Men eldsjelene bak ville ikkje la eit lite virus stå i vegen for musikkgleda, og valde difor å skalere ned, både i talet på publikum og artistar. 3.-6. september tilbyr dei glopparar og andre eit festivalprogram med artistar frå øvste hylle.

Sju musikarar

– Det endelege programmet ber ikkje preg av siste-liten-arbeid. Vi er verkeleg stolte av å ha ei dyktig musikalsk leiing som har fått med seg eit uhyre flott knippe av musikarar i år. Dei skal få gleda av å framføre noko av den finaste musikken vi har. Dei som får moglegheita til å oppleve dette vil leve lenge på desse konsertane, seier festivalleiar Samuel Skrede.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til saman sju musikarar er med i årets festival, og det er eit nøye samansett ensemble, med trompetist i verdsklasse Tine Thing Helseth, mezzosopran Adrian Angelico og fiolinist Guro Kleven Hagen i front. Alle musikarane deltek på alle fire konsertane, der dei tre første går i Trivselshagen, medan avslutningskonserten blir i Vereide kyrkje.

Grensa på sju artistar vart sett av festivalleiinga for å klare å gjennomføre eit program innan dei smittevernrestriksjonane som gjeld.

Gratiskonsertar

I tillegg til dei fire hovudkonsertane, vil det vere to gratiskonsertar med 3. klasse på Firda vgs., og ein lunsjkonsert i Sandane kyrkje med distriktsmusikarane i Gloppen.

– 3. klasse på musikklina vil sparke i gang festivalen med ein konsert i aulaen som heiter «Til Mennesket». Det er veldig fint at Firda-elevane vil halde den konserten sjølv om dei ikkje får masterclass, seminar og workshops gjennom musikkfesten slik som tidlegare år, fortel styreleiar Hanne B. Oftedal.

Hell i uhell

– Den opphavlege festivalen var ein draum som dessverre ikkje kunne bli noko av i år, men så har vi altså fått eit draumelag i staden. Under normale omstende ville vi ha måtta arbeide og planlegge for å få tak i desse artistane i to-tre år, fordi dei er så ettertrakta. No har vi klart å få stabla dette laget på beina i løpet av tre månader, seier Oftedal.

Ho krediterer dette til ei god musikalsk leiing med eit stort nettverk og ein festival som har klart å opparbeide seg eit godt rykte i musikkmiljøet opp gjennom åra, trass i at Sandane ikkje ligg «midt i leia».

Smitteteam

Det er mykje som skal takast omsyn til når ein skal arrangere ein festival i desse tider. Både regler til avstand og reingjering gjer til at det blir ein del ekstra arbeid.

– Vi har etablert eit smitteteam beståande av frivillige, til kvar konsert. Dei skal ta imot gjestane, notere ned namn på alle, passe på at alle føler seg trygge og har det bra. Det er stramme rammer vi må halde oss til i år, men innanfor desse rammene blir det magi, fortel Oftedal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tid for å nyte

Dei peikar begge på at årets festival flyttar seg inn til kjernen av kammermusikken.

– Den er som skapt for det intime format, og i år har vi ikkje gått teoretisk eller krevjande til verks, men tenkt at vi må få fram det finaste, beste og det vakraste som er, og gje energi til alle som kjem, seier Skrede.

– Vi er uendeleg glade for at vi kan vere med å skape det rommet der musikarane får gjere jobben sin, og publikum får noko dei lengtar etter. Av alle år, så treng vi det vakre no, vi treng å kunne nyte, slår Oftedal fast.