Honndalen Soul & Funkarlag blir å sjå og høyre i Jølet på Sandane til sommaren.

Honndalen Soul & Funkarlag til Glopperock 2022

Bandet som får æra av å starte programmet på Glopperock i Jølet 11. juni neste år, er Honndalen Soul & Funkarlag.

– Dette er så absolutt eit namn mange minnest når dei tenkjer tilbake på festivalhistoria og då spesielt hiten «Siloen Min». Det er 32 år sidan dei spelte på Glopperock for første gong, og med fleire innhopp på festivalplakaten gjennom åra, er det fleire enn dei som var på plass i Jølet, Nordfjord Folkemuseum i 1989, som kan minnast å ha trampa takta attåt desse karane, skriv Gloppen Musikkforum i ei pressemelding.

Det blir etterlengta gjenhøyr med Hallstein i Bakkja (song og kuboard), Rasmes Kaare (bass), Elljing på Bønen (slagverk), Sivert Bø (gitar, mandolin) og Jugdis i Jøla (fele).