Har avlyst lystspelet i 2021

Styret i Elskhug og Eksis har gjort vedtak om at framføring av lystspelet Elskhug og Eksis på den gamle Ekserserplassen på Nordfjordeid i juni 2021 vert avlyst.

Nordfjord bataljon. Pressefoto.

Grunnen for avlysinga er koronasituasjonen i Noreg.

Elskhug og Eksis er eit stort kulturarrangement med meir enn 250 personar på og bak sena. Ein samlar folk i alle aldrar frå heile Nordfjord, på einskildframsyningar kan det vere 500-600 tilskodarar i amfiet i Malakoff.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Framføringa av Elskhug og Eksis krev føreseielege rammer, og planleggingshorisonten frå vedtak til det å skulle setje opp spelet er minimum 10 månadar. Koronasituasjonen i Noreg tilseier at alle må ta eit ansvar i høve å hindre smittespreiing. Styret i Elskhug og Eksis har valt å ta ansvar ved å avlyse oppsetjinga i 2021. Grunngjevinga for å avlyse spelet er primært smittefare og helse. Usikkerheit knytt til gjennomføring av arrangement, dvs. rammer for tal tilskodarar per framsyning og såleis økonomi, har òg vore vurdert, skriv styreleiar Per Scott Olsen i ei pressemelding.

Han understrekar at det at oppsetjinga av Elskhug og Eksis i 2021 vert avlyst, ikkje må forståast som om arrangøren ikkje ser framover:

– Styret ser sommaren 2022 som eit naturleg tidspunkt for neste oppsetjing av spelet. Vi vonar at publikum, sponsorar, samarbeidspartnarar og aktørar på og bak sena er med når neste kapittel i soga til Elskhug og Eksis skal skrivast i 2022.