Her er gjengen som driv Sunnfjord Museum: Museumsleiar Sallie Anna Pisera, bygningsantikvarisk handverkar Stig Magne Spjutøy, konservator Kristine Ness, museumsvert Knut Arild Myklebust, bygningsantikvarisk handverkar Knut Arve Helle, driftsteknikar Freddy Sårheim Brakestad og museumspedagog Nina Renate Brendsdal.

Feirar 100 år med nye historier

Senga til Kong Christian IV, ei krambu, ein skomakarverkstad og nye utstillingar. Denne gjengen byr på mange historiske nyheiter i Sunnfjord Museum sitt jubileumsår.

Publisert

– Vi er eit levande museum som utviklar oss. Ikkje ein statisk støvsamlar, seier museumsleiar Sallie Anna Pisera.

– Kva?

– Ja, det kan vere at gjenstandane og bygga du såg her for nokre år sidan er dei same, men forteljingane endrar seg. Vi utviklar museet gjennom forsking, set i stand bygningar, bygger nye utstillingar og formidlar nytt innhald. Vi er i utvikling og har stadig nye historier å fortelje. Det skal gjestene våre få merke ekstra godt i jubileumsåret vårt, seier Pisera.

Før vi kjem til høgdepunkta over alt det nye som skal skje i jubileumsåret, la oss hoppe nokre år tilbake i historia, nærare 1910. Norge har nett blitt ein sjølvstendig stat. Dei første folkemusea vert etablert på Austlandet. Sunnfjord skulle ikkje vere snauare, og starta eit eige sogelag dette året. Initiativtakarane byrja å samle gjenstandar, og i 1926 opna dei Sunnfjord Museum på Tangen i Jølstra midt i Førde.

Annonse i Firda 31. juli 1926 viser programmet for opningsfesten. Hovudtalaren Otto Huseklepp, var lærar på Sunnfjord ungdomsskule og engasjerte seg i å samle gjenstandar til museet.
Sunnfjord Museum byrja ein tradisjon med å arrangere Sunnfjordstemna, som vi ser bilete av her. Kanskje gjenoppstår denne tradisjonen i jubileumsåret 2026?
I 1950 flytta Sunnfjord Museum til denne Husmannsplassen i Movika. Dei gamle bygga står framleis der dei sto på biletet. Fotografen er ukjend. Biletet er ei gåve frå Ottar Farsund.
Sunnfjord Museum i 1956. Husmannsplassen ligg oppe til venstre. Konservator Kristine Ness har den siste tida dokumentert korleis kvinner frå regionen, inklusive husmannskona Marte Movik frå denne garden, tente som ammer for rike familiar sine barn i Bergen.

Tinga på museet

I Movika skaut utviklinga fart. Her var det plass til å bygge eit friluftsmuseum med kulturlandskap. I 1977 fekk museet sin første tilsette, Ludvig Søgnen frå Sande. I 1980 kunne han flytte inn i eit administrasjonsbygg, og få år seinare fekk museet eigen verkstad. I 2009 gjekk Sunnfjord Museum inn i Musea i Sogn og Fjordane - der vi er i dag.

 

Då Musea i Sogn og Fjordane opna fellesmagasinet Tinghuset i 2024, plasserte kulturminister Lubna Jaffery Sunnfjord Museum sin først registrerte gjenstand - dette skrinet med karveskurd frå Stardalen i Jølster - som ei symbolsk opning. Arkivfoto.

Det er dei innsamla bygningane og gjenstandane som er grunnlaget for museet. Samlinga består av

  • 14 000 gjenstandar, hovudsakleg frå hus og heim og gardsdrift

  • 7 tradisjonsbåtar

  • 33 kulturhistoriske bygningar

  • Fleire tusen foto frå fotografar som Anton Øygard, Tollef Sandal, Elias Eide, Olai Fauske.

Ut frå dette formidlar museet kulturhistorie og immateriell kulturarv frå Indre Sunnfjord, og viser byggeskikk og levesett frå 1500- til 1900-talet. Det bevarer kulturlandskap og kulturhistoriske løyper og har skiftande utstillingar i besøksbygget.

 

 

Folka på museet

Utan fagfolk som tek vare på samlinga, og hjelper oss å forstå gjenstandane og levesetta, har eit museum lite å by på. Det er mange funksjonar å fylle - og dei tilsette er heilt vesentleg. Her er gjengen som driv Sunnfjord Museum:

  

  • Museumspedagog Nina Renate Brendsdal (til venstre), har formidlingsansvaret. Blant anna har ho ansvar for å lage opplegg til og ta imot barn og unge frå skule og barnehage.

  • Konservator Kristine Ness, held kontroll på samlinga og forskar.

  • Driftsteknikar Freddy Sårheim Brakestad tek seg av førefallande praktiske oppgåver på museet.

  • Museumsvert Knut Arild Myklebust syt for at gjestene har det bra og at arrangementa går knirkefritt.

  • Dei bygningsantikvariske handverkarane Knut Arve Helle og Stig Magne Spjutøy tek vare på dei kulturhistoriske bygga. Dei brukar tradisjonelle handverksteknikkar i arbeidet sitt, som dei også formidlar til andre.

  • Museumsleiaren Sallie Anna Pisera er museet sitt kontaktpunkt med omgjevnadene, held i trådane og legg planar for framtida. Ho er også ivrig på å lage forskingsbaserte utstillingar.

Sunnfjord Museum har mange folkedrakter i samlinga si. Her driv Kristine Ness med registrering av eit liv. Arkivfoto.

 

Dette skjer i jubileumsåret

– I år skal publikum blant anna få oppleve gamle historier fortalt på nytt. Blant anna opnar vi opp to bygg som har stått her omtrent sidan oppstarten, men ikkje har vore opne for publikum før no, seier Pisera.

  • Løsetloftet – eit freda loft som handverkarane har jobba med å restaurere sidan 2023. Ei segn, eller kanskje er det historie, om loftet, er at Kong Christian IV av Danmark og Norge overnatta her då han reiste gjennom distriktet for rundt 400 år sidan. På Bergen Museum skal restane etter det som kan vere senga han sov i, vere lagra. Denne senga har handverkarane laga ein kopi av, slik at gjestene kan oppleve loftet slik kongen kan ha gjort det.

  • Gulehuset – har fungert som lager for gjenstandar i alle år. No blir det innreia som skomakarverkstad og ei krambu. Dette bygget vil ha universell utforming, i motsetnad til dei fleste kulturhistoriske bygga, som er svært krevjande å ta seg inn i til dømes for rullestolbrukarar.

  • Utstillingssalen er pussa opp med skikkeleg lyd og lysanlegg. Her kjem jubileumsutstillinga.

  • Arrangementsåret byrjar med programslepp for året den 26. februar. Her vil det bli presentert fleire arrangement med jubileums-tema frå 31. mai til 15. august, inklusive – ta da – eit Sunnfjordstemne.  

– Det vi håpar, er at dei nye historiene og nyopna bygga vil gje publikummet vårt ei ny oppleving av gamal historie. At dei får ein sterkare eigarskap eller tilkopling til lokalhistoria. At dei føler at dei har ei rolle i det vi formidlar, at det ikkje berre er rart og eksotisk, men ein del av mange sine personlege historier, seier Pisera, og ønskjer vel møtt!

Powered by Labrador CMS