– Ein av dei aller beste festivalane nokosinne
Det seier arrangørane i ei pressemelding søndag.
Norsk Countrytreff er i skrivande stund heilt i sluttfasen, og no står berre den årvisse blågraskonserten i Frislidlada att for ein sliten men lukkeleg gjeng. Og for ei helg dette har vore!
Ikkje berre i countrymusikken si verd, men også gjennom samhaldet nasjonen har funne gjennom den historiske deltakinga i Fotball-VM i USA. Og når ein får anledning til å samle tusenvis av menneskje på ein festpynta arena under klar blå himmel – på vesle Breim, få oversendt helsing frå sjølvaste presidenten i Norges Fotballforbund Lise Klaveness i forkant av den direktesendte kvartfinalekampen – og samstundes kunne presentere eit eineståande musikalsk program i same stunda, er det ikkje anna enn unikt. Eller for å sitere sjølvaste countrygeneralen vår, Nils R. Sandal: - Heilt fantastisk!
- Med fjorårets rekordstore 30-årsjubileum som bakteppe, hadde vi eit mål om å ta ned festivalen til eit godt handterbart nivå i 2026 – då vi ser at vi er heilt på grensa til kva som er vettig i ei lita bygd. Og det norske sommarvêret har sett fleire grå hår i festivalleiinga enn godt er! Det å kjenne på ansvaret som ligg i at ein skal makte halde alle funksjonar gåande også om festivalområdet blir som ein nypløgd potetåker, er ei seriøs bekymring, seier dagleg leiar Vegar Sårheim.
Men med eit frivilligapparat på nærare 900 personar som står på dag og natt for at alle skal få campe der dei ønskjer, ha nok straum, mat, toalettforhold, musikk, dans – ja nær sagt alt som skal til for at besøket på Breim, i Gloppen, i Nordfjord, i Vestland skal bli noko dei tek med seg heim til kvar ein krik og krok i landet for å fortelje om, så blir det mogleg. 6500 dugnadstimar er lagt ned, og det er berre smil og glede å sjå!
Og difor er ein også så overlag imponerte over at det endå ein gong er nærare 30.000 konsertbesøkande som har fått alt dei ønskte seg, og meire til! Det offisielle besøkstalet på konsertane er 29.200.
Norske verdsstjerner og utanlandske verdsstjerner har fått møte den ekte norske folkesjela – gjennom dugnadsand, gjennom den etter kvart så legendariske roinga og gjennom eit frivilligapparat som haustar velfortent skryt for alt dei er, og alt dei gjer.
- No startar det store arbeidet med å gjere Norsk Countrytreff 2027 til ei like stor oppleving som årets festival, sjølv utan draghjelpa frå Braut Haaland, Nyland og Ødegaard. Men vi er visse på at med det ettermælet årets festival allereie har fått, så får vi til store ting òg neste år, seier dagleg leiar Vegar Sårheim.
Festivalen rettar ein stor takk til alle som har vore med på å gjere dette til ein solid folkefest – heilt på linje med det ein finn i byd’n.