Desse kjem til Glopperock

Morosam duo.

Gloppen Musikkforum gjentek suksessen frå fjorårets jubileumsfestival for Glopperock, og har booka duoen Naboen Min til gratis familiekonsert i Trivselsskogen.

– Det er ein særs kreativ og morosam duo som kjem på besøk til TIN-campen i år, og eg ser verkeleg fram til å oppleve borna sin reaksjon denne søndagen på festivalen sin siste dag, 11. juni.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det seier pressesjef Øyvind Aasen Gloppestad i ei pressemelding. Han gler seg over at denne brikka no fell på plass for årets Glopperock.

Les også
Har selt 40 millionar plater, no kjem dei til Sandane

– Heilt rett plass

– Vi har eit stort ønske om å presentere musikk for den yngre garde, og vi synest Trivselsskogen og området rundt er heilt rett plass å nytte seg av til dette høvet. Vi hadde ei flott oppleving med Meg og Kammeraten min i 2022, så dette er eit konsept vi gjerne vil satse på, fortel Gloppestad.

Les også
Dette kan ha vore den siste store konserten i Jølet

Naboen Min er ein duo frå Norheimsund, beståande av Vegard Markhus og Bjørnar Sangholt. Markhus har lenge vore barnebokforfattar, medan Sangolt har vore musikar og produsent for mange kjende namn og artistar. Den samla erfaringa deira vart etterkvart smelta saman til prosjektet som no kjem til Glopperock, og i 2019 kunne dei plassere sin fyrste Spellemannspris på peishylla, då for plata «Rockesock» i kategorien Barnemusikk.

Les også
– Vi gleder oss veldig over jubileet vi hadde

Gratis for alle

– Desse har synt gjennom si hyppige turnering at dei meistrar oppgåva å underhalde både dei yngste og dei eldste. Anten det er gjennom danseframkallande rytmar og tekstar med mykje humor, eller det meir alvorlege i viseform, tek dei publikum med seg på ei finfin oppleving. Eg må òg framheve at bodskapen vert levert på finaste vis, nemleg gjennom nynorske tekstar, påpeikar pressesjefen.

Les også
Litt av ei helg!

Han konstaterer at det langt frå er kostnadsfritt å arrangere slike konsertar no til dags, og er difor særs glad for å ha fått tildelt midlar frå Sparebankstiftinga:

– Det er viktig for oss at denne typen konsertar er tilgjengeleg for alle, og med dei med på laget, vil dette vere eit gratisarrangement.

Les også
– Dette var heilt fantastisk
Les også
– Så bra som det går an å få det
Les også
Åge rocka Jølet – igjen
Les også
Landets eldste rockefestival er tilbake der det starta i 1980