- Denne våren har vi lært at demokratiet er noko vi må fornye, utvide og kjempe for, sa Hege Lothe då ho heldt 17. mai-tale på Hestenesøyra.

- Demokratiet er ikkje ein endeleg stoggestad

Hege Lothe, stortingskandidat for SV i Sogn og Fjordane, heldt tale under 17. mai-feiringa på Hestenesøyra. Ho peika på at demokratiet ikkje er ein endeleg stoggestad. I tillegg var ho innom den gongen kyrkjelyden på Vereide song ein nynorsk Elias Blix-salme på sjølvaste 17. mai i 1900 - og veldig mykje meir.

"Tusen takk for at eg er blitt spurt om å halde tale. Eg likar meg godt her, og det er utruleg fint å ha eit ærend.

Eg var her på gudsteneste i skulehuset for ei tid tilbake og etterpå var det kyrkjekaffi. Og det må eg seie at det var eitt av dei mest imponerande kyrkjekaffi-kakeborda eg har sett!

Som så mange andre har eg ein lysestake frå Hestenesøyra som eg arva etter besten heime. Kva gong eg kveiker lys i den staken, tenkjer eg på Hestenesøyra. Det må vere fint å kome frå ei bygd som er berarar av lys.

Vi treng det – lyset – i vår tid.

For nokre veker sidan var eg i eit damelag, og då spurte eg kva eg burde snakke om i 17. mai-tala. Det kom fleire forslag som eg ikkje skreiv ned, men eg noterte meg dette:

«Større enn oss sjølve»

«Snakk om alle desse kvinnene som ikkje vil stå fremst.»

 

Livet har aller flest kvardagar. Dagar der vi bekymrar oss for kva vi skal lage til middag, at vi ikkje hadde fått hengt opp klesvasken, ikkje fått planlagt sommar-ferien, ikkje bøtt høle i den buksa, ete alt for mykje smågodt i helga eller ikkje trena denne veka heller. Eller at vi gler oss over denne uventa varme våren, at vi i det minste har langt mindre underskot i Gloppen, enn i Stad og Sunnfjord eller at vi fekk ein uventa kaffikopp med ein kjenning.

Det er då vi kjem til grunnlovsdagen 17. mai – vi har kjempa oss gjennom halve dagen. Er framleis nokolunde utan flekkar på kleda, har nådd det altfor tidlege barnetoget frå Heradsplassen – og vi har sett oss ned for å høyre på tala for dagen – akkurat då må eg minne oss om det som er langt større enn oss sjølve.

 

17. mai for 211 år sidan fekk Noreg si eiga grunnlov. 1814 er eitt av dei viktige vendepunkta i historia om Noreg. Den historia handlar om å verte ein sjølvstendig nasjon i Europa, om å styre landet sitt sjølv og om folkestyre. Om å leve saman i eit land – finne løysingar – i eit demokrati.

Det er ikkje slik at demokratiet er ferdig arbeid – ein endeleg stoggeplass – som om bussen ikkje skal vidare. Tvert imot har vi lært av denne våren, at demokratiet er noko vi må fornye, utvide og å kjempe for.

Etter godt over 100 dagar med Trump som president kan vi slå fast at USA er i brå forandring. Trump utfordrar borgarrettane til eigne borgarar når han fengslar folk og i nokre tilfelle sender dei ut av landet utan lov og dom, fordi dei har delteke på ganske vanlege demonstrasjonar. Trump går etter dei som er usamd med han, enten det er universitet, statstilsette og advokatar. Utfordrar rettsvesenet når han ikkje følgjer dommar eller set Kongressen til sides til fordel for presidentfullmakter.

Og USA som har blitt sett som garantist for ei trygg verd, er blitt ei sikkerheitsutfordring. President Trump og visepresident Vance blandar seg inn i europeisk politikk, på lag med ytre høyre, truar eigne allierte, og vil overta Grønland frå Danmark.

Det er framleis vanskeleg å sjå den fulle rekkjevidda av presidentvalet. Men Trump er valt og veljarane og vi har fått ein president som undergrev og riv ned viktige verdiar som er kjempa fram gjennom generasjonar – demokratiet og velferd.

Slik utviklinga er no, ligg det eit potensiale for det vi kan kalle for ein moderne fascisme. Den vil vi ikkje kjenne att som brunskjorter som marsjerer i takt. Vi må sjå etter andre kjenneteikn.

Trump vil ha ein meir autoritær stat, og som vi veit, førre gong han tapte eit val, ville han ikkje akseptere eit val som han ikkje sjølv hadde vunne.

På hi sida held Putin i Russland fast på makta 25 år etter at han vart president.

I vår tid kjem autoritært styre forkledd som demokrati. Dersom vi ikkje er tydelege frå starten om den autoritære utviklinga vi ser, så kjem kreftene som står bak til å lukkast med å selje inn ein heilt legitim versjon av eit demokratisk styresett.

Det er sant at demokratiet er langt større enn oss sjølve – men vi som feirar 17. mai her i Nesjane krins, i Gloppen, i Sogn og Fjordane – i heile Noreg har eit ansvar for vårt demokrati – vårt folkestyre.

Eit levande folkestyre er krevjande. Vi må leggje til rette for å fram alle sider i ei sak, det må skrivast sakspapir, alle har rett til å seie meininga si, og fleirtalet må strekkje seg etter å ta omsyn til innbyggjarane og til mindretalet.

Vi kan likevel – kvar og ein bruke stemmesetelen når det er stortingsval til hausten. Dei som stemmer bestemmer. Det er det som er så fantastisk med eit stortingsval i eit folkestyre. Alle vaksne har kvar sin stemmesetel. Det er ingen som har 10 stemmer ekstra på baklomma, det er ingen som har arva 100 stemmer frå ein grandonkel eller 1000 stemmer frå foreldra sine. Kvar stemme tel – og du står like sterkt med di stemme frå Metteneset eller frå Montebello. Det er eit folkestyre som er verdt å halde levande og gje vidare til neste generasjon.

*** Eg fekk som sagt eit tips om å «Snakk om alle desse kvinnene som ikkje vil stå fremst.»

Ein av dei er Inger Anne Skeistrand. Eg har fortalt historia før, men den kan takast oppatt i ei 17. mai-tale:

Den sommaren besten min, Hjalmar Lothe, døydde, arbeidde eg som heimehjelp for Gloppen kommune på Sandane. Inger Anne arbeidde også i heimetenestene. Besten min var blitt svært svak, og vart lagt inn nokre veker på sjukeheimen. Mor og far reiste på ferie, under sterk tvil, og eg var heime for å ta fjøsstellet i tillegg til å vere heimehjelp. Så ein grytidleg morgon ringte dei frå heimen. Besten var død. Eg stelte fjøsen, ringte rundt til alle tantene og reiste på heimen for å sjå til besten før eg gjekk på jobb. Det var før mobiltelefonane, så det var berre å vente på at mor og far skulle ringe. Den dagen vart lang. Det var så mykje å ordne. Og eg kjende meg så åleine om det. Inger Anne Skeistrand kom innom meg på Gotatunet. Ho hadde høyrt kva som var skjedd. Heilt overraskande spurte ho om ho skulle overta helgavakta for meg. Dette var ein fredag og eg skulle eigentleg arbeide heile helga. Inger Anne meinte at ho hadde ikkje noko anna å finne på. Det var nok ikkje heilt sant. Dette var jo midt i den finaste sommaren! Men eg har aldri følte meg så letta i heile mitt liv. Tenk at ho ville gjere det for meg – ei tilfeldig, ung sommarhjelp?

Mange gonger har eg tenkt at det er slik det bør vere, at vi gjev kvarandre hjelp med stort eller smått når det trengst. Utan tanke for å få noko tilbake. Vi bør gjere og vere for kvarandre, nett det ho Inger Anne var for meg den gongen. Eg greier sjølvsagt ikkje det så ofte som eg vil, men lista er lagt.

Likevel, det er mange kvinner som stiller opp slik, med utruleg nødvendig og viktig hjelp – heilt usynleg for alle andre som ikkje tok imot hjelpa. Enten om det er å bake ei kake, ta ei ekstravakt, sjå til nokre gamle i bygda eller vere med på heile oppryddinga i salen og på kjøkenet til alt er ferdigvaska og bære søpla ut til slutt.

Eg veit ikkje korleis det er med dåkke, men eg har talt dagane til premieren på femte og siste sesong av Pørni. Det er tusen ting å seie om den serien, og eg har sjølvsagt eigentleg eit håp om at det skal bli kommune-Bjørnar og Pørni til slutt, men før eg forfølgjer det sidesporet, så er det så fint at Henriette Steenstrup har laga ein serie der vi ser eit kvinnfolk jobbe i barnevernet, og vi forstår litt meir om kva det faktisk kostar eit menneske å gjere den jobben og kor viktig det er at nokon gjer den.

Det er viktig at den innsatsen blir synleg – at det blir fortalt kor tøft det kan vere i omsorgsyrka som ofte blir vifta vekk med å vere «kvinneyrke». Verken velferdsstaten eller Noreg ville gått rundt utan dykk!

Eg slit mellom to standpunkt – på den eine sida vil eg vere ein av dei som løftar fram kvinners innsats og arbeid og framsnakkar det for heile verda. Og på den andre sida så vil eg så gjerne at kvinnfolka sjølve skal snakke om kva dei gjer, kva dei utrettar og ta plass! Både med meiningane sine, og kva dei utrettar.

Uansett, det er framleis ikkje for mange kvinner fremst i politikk og samfunnsliv. Og i Gloppen-politikken kan eg forsikre dåkke om at vi har veldig mykje å gå på. For det er ikkje slik at dersom ei kvinne ikkje seier meininga si, eller påverkar eller tek verv, så står det ei anna kvinne som gjer det. Makt er interessant fordi med makt kan du utrette noko, både lite og stort.

For påverknads-makt kan alle ha. No vil sikkert Siv Karin Eikenes tykkje det er heilt unødvendig av meg på fortelje om. Men for mange år sidan skulle kommunepolitikarane bestemme namn på alle vegane i Gloppen som ikkje hadde fått namn til dess. Siv Karin Eikenes ringte meg, og meinte framlegget på eitt av vegnamna på Hestenesøyra burde vere eitt anna namn, og det hadde ho gode argument for. Eg tok argumenta inn i møtet, og eg fekk dei andre politikarane med på det, og dermed vart namnevalet endra.

Eg tørr å påstå at slike telefonar tek menn langt fleire av enn kvinner. Og nokre menn gjer det endå meir enn andre menn. Det skal dei ikkje slutte med. Tvert imot: Mitt poeng er at lokaldemokratiet vert endå betre om fleire av desse telefonane vert tekne av kvinner og om fleire kvinner er med på gruppemøte i partia. Om fleire er med å påverke kvalitetssikrar det avgjerdene. «Så for å snakke til alle desse kvinnene som ikkje vil stå fremst.» Prøv å gjer meir av det, stå litt lenger framme, ver litt meir frampå, ver både modig og frimod. Livet blir kjekkare og jammen trur eg både kommunepolitikken og anna politikk kunne hatt godt av det.

***

Noreg er i dag eit ganske mangfaldig og fleirkulturelt samfunn. Det er ein styrke for fellesskapet med ulike erfaringar og kunnskap. Bygdene våre skal vere for dei mange, ikkje for dei få. Det er viktig at vi set antirasisme og skeive sine rettar på dagsorden. Og synleggjer at her kan alle føle seg heime.

Det er etter kvart blitt nokre år sidan Leidulf Gloppestad som ordførar kjøpte inn regnboge-flagg på kommunen si rekning. Og på valentinsdagen det året vart det flagga for aller fyrste gong. Seinare fortalde ei som sjølv er skeiv og frå Gloppen at det var ei viktig hending for ho. Ho såg annleis på heimbygda si etter dette – ho kjende seg meir heime. Så dermed vart det ei enkel og likevel viktig handling å flagge. Eg vonar igjen regnboge-flagget vi veie i vinden frå Heradshuset og Firda vidaregåande skule. La oss omfamne mangfaldet og inkludere mangfaldet i liva våre.

***

For godt over 100 år sidan vart det gjort mange viktige val i Gloppen og Noreg. Spørsmålet var om elevane skulle gå over til å lære å lese og skrive nynorsk. I dag kan det verke heilt sjølvsagt at vi har nynorsk langs Gloppefjorden, men ikkje for hundre år sidan. 

Kyrkja var verkeleg ein av dei samfunnsberande institusjonane då. Det var viktig for målfolk å få nynorsken inn i kyrkjene. Men dei vart møtt med motstand. Det tyngste argumentet imot nynorsk eller landsmål som det heitte då var den årelange tunge tradisjonen med riksmål/dansk-norsk. Den sat godt i, så det var mange som heldt igjen. Likevel: song er viktig i kyrkja og for mange betydde det svært mykje å få synge på eige språk. Det vart nærare og sterkare, og det kan godt hende at det også vart meir forståeleg.

Her i Gloppen var det i Vereide kyrkje at ei Elias Blix-salme vart sunge for fyrste gong. Det var ein såpass passande dag som den fyrste grunnlovsdagen i det nye århundre: 17. mai 1900. Kyrkjelyden var likevel ikkje heilt klar for den nye tida. I 1902 vart framlegget om å gå over til nynorske salmar nedrøysta. I 1905 prøvde målfolket på nytt. No var det røysting 30. juli, berre nokre sommarveker etter unionsoppløysinga med Sverige den 7. juni 1905. Det er godt mogleg at kyrkjelyden var blitt oppelda av unionsoppløysinga for det vart eit solid fleirtal i Vereide sokn med 206 for nynorsk mot 65 røyster.

Og i år feira vi 100 årsjubileum for Nynorsk salmebok.

I 1909 hadde alle krinsane i Gloppen, så nær som Nesjane og Sandane, gått over til nynorsk. Det året gjekk også Osmundnes over til nynorsk, men ikkje Nesjane. Fire år seinare var det igjen røysting om målet i Nesjane skulekrins, etter at lærarlaget hadde kome med framlegg om at alle krinsane skulle byrja med nynorskopplæring. I møte i skulestyret 17. november 1913 vart nynorsken innførd i Nesjane med 18 mot 2 røyster. At det vart slik, var visst ikkje heilt sjølvsagt: Eit utsetjingsframlegg fall med 11 mot 9 røyster. 

Bygdefolket stemte altså fram sitt eige språk. Folkestyret som løfta språket inn i kyrkja og inn i skulane: Den som stemmer bestemmer. Det kan vere ein av grunnane til at nynorsken framleis står sterkt.

***

Det som er større enn oss sjølve. Handlar også om oss sjølve. Dei små hendingane og forteljingane vert ein del av dei store hendingane. Forteljinga om då dei rodde kyrkjebåten frå Hestenesøyra til kyrkja 17. mai 1900 for for fyrste gong synge ei salme på sitt eige språk, om når dei røysta om opplæringsspråket på Nesjane skule, om barn i leik, om kvinnfolk tek ansvar for flokken og tek styring på liva sine, om ordførarar som kjøper regnboge-flagg og om innbyggjarar som tek telefonar og påverkar kvarandre.

Alle desse små forteljingane er med å setje sitt preg på samfunnet, på bygdene våre, på Hestenesøyra, på Nordfjord og blir etterkvart ein del av historia vår og er landet vårt. 

«Det vi gjer med tida vår

og det tida gjer med oss

er det som skapar historie» 

Slik er det – og slik skal det vere. Så lenge Eikeneshesten står!

Takk for meg – og til lukke med dagen!"

 

Powered by Labrador CMS