Fann nye papir etter Ivar Aasen
På ein gard i Ålesund er det funne to tekstar av nynorskens far som har vore ukjende til no.
Frå 1835 til 1842 budde Ivar Asen på Solnør Gaard på Skodje i Ålesund. Etter at garden bytte eigarar i fjor har det føregått eit storstilt arbeid med å gå gjennom alle dokument og kulturgjenstandar på bruket.
No melder NRK at det er funne to til no ukjende tekstar skrivne av Aasen.
Det eine dei fann var ei bok der Aasen har kladda om grammatikk på omslaget. Mellom anna hadde han notert korleis lyden av setningar som sluttar med spørsmålsteikn burde lyda.
Det andre var ei preike. Ho er skriven i Aasen si hand, men er mest truleg forma ut av nokon andre.
– Me trur at han anten har skrive av teksten frå ei anna preike, eller at nokon har diktert til han. Han hadde ei veldig fin handskrift.
Det seier spesialbibliotekar Siri Beate Gjerde ved Nynorsk kultursentrum. Dei har hjelpt dei nye eigarane med å gå gjennom dei gamle papira på garden, noko som har vore ei ordentleg oppdagingsreise.
– Det er fantastisk. Dei har truleg ikkje kasta noko på 150 år, seier bibliotekaren. (©NPK)