Tre kvinner og ein mann. Arkivfoto.

Avlyser julekonsertar på grunn av smittefare

Gruppa Tre kvinner og ein mann avlyser dei tre planlagde kyrkjekonsertane sine før jul.

Dei skulle hatt konsertar i Olden kyrkje, Vereide kyrkje, og Hyen kyrkje, men som følgje av covid-19-situasjonen og omsynet til smittevern vel dei no å kansellere.

– Sjølv om vi har lite smitte i vår kommune, vel vi å avlyse då det er mange tilreisande til konsertane våre frå andre kommunar. Vi beklagar at vi ikkje kan glede publikummet vårt med julemusikk i år. Vi kjem sterkare tilbake, seier mannen i kvartetten, Sjur Atle Austrheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei tre kvinnene er Hege Støylen Alme, Britt Glomnes Willumsen og Randi Skaaden Felde.