Pause på gamal møteplass og storslagen utsyn mot vakre Trollavatnet, Kinnaklypa og Femtevatnet. (Foto: Kjell O. Hjellbrekke).

125 i storslått natur frå Lunde til Fjærland

Seinare i turen fekk vi fin utsikt over Trollavatnet, Troget og vestover mot Femtevatnet.

100 deltakarar valde å gå den lengste ruta over Marabreen mot Tverrfjellet (1494 moh) og fekk fantastisk utsikt til Kjøsnesfjorden. Resten av fylgjet gjekk turen over breen til Kvitevardane (1450 moh.). Heile turfølgje møttest att før den bratte nedstigninga til Bøyadalen. Vi hadde vakker utsikt til den stadig minkande Bøyabreen. Og dugnadsfolk i Fjærland hadde rydda stien godt nederst i ruta, og ferda vart lettare for oss.
Turleiarar var Anders J. Bøyum, Kjell O. Hjellbrekke og Jostein Øygard. Desse tre er godt kjende i området og baud på stadkunnskap og historier frå eldre tider. Alle dei tre turleiarane var godt nøgde med det store turfylgje. Ein "lett" gjeng å leie på sti og bre, var oppsummeringa deira etter turen.

Turfolk frå fleire kommunar i fylket vårt og tilreisande turistar fekk oppleve fantastisk natur, brusande elvar og uregulerte vatn, som snart vert påverka av påbegynt kraftutbygging.