Elbåt-pioner tok imot ny klimapris

Leif Arne Stavøstrand hadde teke turen frå Florø til Leikanger for å ta imot fylkeskommunen sin klima- og miljøpris under møtet i fylkestinget i dag.

– Vi set umåteleg stor pris på dette. Prisen motiverer og bidreg til at vi vil jobbe endå hardare for å nå måla våre framover. Vi er ikkje i tvil om at vi har ei framtid. Vi har kundar som er interesserte, og vi har investorar. Eg vil takke alle som har vore med sidan starten og vil nemne særleg Aksello i Florø, som har bidrege med både god mentorhjelp og økonomisk støtte, sa Stavøstrand då han tok imot prisen.

Vil eliminere båtutslepp

Han etablerte selskapet Evoy AS vinteren 2018, og visjonen er å eliminere utslepp frå båtar ved å utvikle teknologi som kan byte ut fossilt brensel med elektriske motorar. Verksemda utviklar verdsleiande heilelektrisk framdriftssystem til båtar i både proff- og fritidssegmentet

Stavøstrand fortel at det er ingen andre i verda som gjer akkurat det som Evoy AS, som tek sikte på å redusere utslepp frå både små og store båtar. Selskapet byggjer system som ein kan setje i kva som helst slags båt. I juni set dei også ein prototyp på vatnet, som blir verdas raskaste elbåt med ein toppfart på 60 knop og ei rekkevidde på 25 nautiske mil.

Stort potensial for grøne arbeidsplassar

Det er første gong Sogn og Fjordane fylkeskommune deler ut ein slik klima- og miljøpris. Prisen er på 50 000 kroner, og fylkesordførar Jenny Følling stod for utdelinga.

– Dette er ei verksemd som har stort potensial for å skape grøne arbeidsplassar, noko som er viktig både i det grøne skiftet og for Sogn og Fjordane. Det er spennande og imponerande kva Leif Arne Stavøstrand og Evoy AS har fått til så langt. Dersom han lukkast med å rulle dette ut til fleire typar båtar og motorar, vil dette vere med å redusere klimagassutsleppa, slo fylkesordføraren fast i talen sin.

Aktiv klima- og miljøinnsats

Stavøstrand har ei fortid som administrerande direktør ved Saga Fjordbase og har eit stort nettverk, som han nyttar aktivt. Han slutta i Saga Fjordbase i 2017, mellom anna for å satse på Evoy AS.

– Ved å velje å gå frå ein godt betalt jobb til meir usikre vilkår ved å starte ei klimavenleg verksemd, viser han også at han har evne og vilje til å yte aktiv klima- og miljøinnsats utover det vanlege, sa Følling i talen sin.