– Målet med lovendringane er at det skal bli tryggare bustadhandel, seier Jan Erik Mardal, distriktsleiar i Huseierne. Foto: Håvar Fagerli.

– Betre for både kjøpar og seljar

Det er ikkje lenger lov til å selje ein bustad «slik som den er». – Meir krav til dokumentasjon på eigedomen skal seljast vil føre til færre konfliktar, meiner distriktsleiar i Huseierne, Jan Erik Mardal.

Alle som skal kjøpe og selje brukte bustader må følgje reglane i avhendingslova, og i 2022 kom det nye reglar for bustadsal. Dei viktigaste endringane i lova er at det er skjerpa krav til dokumentasjon på eigedomen som skal seljast, og at ein ikkje lenger kan selje ein brukt bustad «slik som den er».

Advokat og distriktsleiar

Jan Erik Mardal er distriktsleiar for Huseierne i Sogn og Fjordane og søre Sunnmøre. Huseierne er ein landsomfattande forbrukarorganisasjon for eigarar av bustader.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mardal driv også sitt eige advokatfirma og eigedomsmeklingsfirma, i tillegg til å vere distriktsleiar i Huseierne.

– Målet med desse lovendringane er å sørge for at det blir ein tryggare bustadhandel. Det har vore for mange reklamasjonar og saker i rettssystemet etter bustadsal, seier han.

Tilstandsrapport

Det er no blitt endå viktigare for seljaren å hente inn dokumentasjon på bustaden. Den viktigaste dokumentasjonen er ein tilstandsrapport laga av ein takstmann.

– Poenget med ein tilstandsrapport er at ein takstmann går grundig til verks og kartlegg heile bygningen. Tilstandsrapporten skal vise synlege feil og manglar, og bustaden blir vurdert ut frå kva ein kan forvente av alder og type bustad, forklarar Mardal.

Det er ikkje eit lovkrav om tilstandsrapport når ein skal selje bustad, men Mardal rår likevel alle bustadseljarar til få utarbeidd ein tilstandsrapport.

– Reglane til dokumentasjon frå seljar er skjerpa, og ein er med det nesten tvungen til å innhente tilstandsrapport for å unngå at ein blir gjort ansvarleg for eventuelle feil som dukkar opp etter salet.

Seljar er ansvarleg for eventuelle feil og manglar inntil fem år etter salet. Det er vanleg å teikne bustadseljarforsikring i samband med eit hussal, slik at ein er forsikra mot framtidige utgifter på feil som ein ikkje visste om då bustaden vart selt.

– Om ein ikkje har tilstandsrapport, får ein heller ikkje teikna bustadseljarforsikring. Det er eit krav med tilstandsrapport for å få denne forsikringa. Av våre oppdragsgivarar teiknar kring 80–90 prosent bustadseljarforsikring, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Enklare å forstå

Endringane i lova skal gjere det enklare og betre for både seljaren og kjøparen av bustaden. Krava til dokumentasjon er skjerpa, men dokumentasjonen skal samtidig vere enklare å forstå for alle partar.

– Ikkje berre skal lova vere enklare å forstå, men ein tilstandsrapport skal også vere enklare å lese. Det er noko vi Huseierne har jobba mykje med opp mot departementet.

Tilstandsgrad og fargekodar

Det er vedtatt i ei forskrift korleis ein tilstandsrapport skal skrivast. Bustaden får ei tilstandsgrad mellom ein og tre med fargekodar, slik at ein enkelt kan sjå kva tilstand bustaden har. Det skal også vere eit kostnadsoverslag over kva det vil koste å utbetre dei feila og manglane som kjem fram av tilstandsrapporten.

– I den nye lova får kjøpar ein såkalla eigendel på 10.000 kroner dersom det ligg føre ein mangel som gir krav på prisavslag.

Eigendelen inneber at dersom kjøpar har krav på eit prisavslag på 100.000 kroner, så blir kravet redusert til 90.000 kroner.

Seljar skal fylle ut eigenmelding før sal der ein må passe på å få fram rette opplysingar. Det kjem fram i lova at ein ikkje kan gje mangelfulle og urette opplysingar. Feil med bustaden som er gjort kjent før salet, kan ikkje kjøpar klage på etter salet.

– Det er seljar sitt ansvar å få fram dokumentasjon, og det er kjøpar sitt ansvar å sette seg inn i dokumentasjonen. Les nøye gjennom dokumentasjonen, og kontroller at dei faktiske opplysningane som står tilstandsrapporten er rett, er råda frå Jan Erik Mardal i Huseierne.