Det blir ikkje tradisjonell countryfestival i Breim dette året heller, men kyrkjekonsert blir det. Dette biletet er frå konserten i Breim kyrkje i 2019.

Erstattar countryfestivalen med eksklusive enkeltkonsertar

Heller ikkje i 2021 blir Norsk Countrytreff som det pleier. Men arrangørane lovar likevel fleire musikalske godbitar i løpet av sommaren og hausten.

– Ut frå gjeldande retningslinjer ser vi ikkje at vi kan arrangere Norsk Countrytreff som vanleg. Det er vi utruleg leie oss for. Vi håpar likevel at dei konsertane vi har på programmet er noko vårt kjære publikum vil setje pris på, seier dagleg leiar Arve Kleppe i ei pressemelding.

Festivalen som vanlegvis trekkjer over 15 000 publikummarar til countrymusikk og festivalstemning, har hatt fleire planar på blokka det siste året. Dei har lenge vurdert fleire alternativ, og har no bestemt seg for å arrangere fleire mindre konsertar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har førebels tre konsertar på plakaten

– Kyrkjekonserten er noko vi er verkeleg kjende for, og vi har håpa i det lengste at den kunne stå på programmet. Så at vi klarer å gjennomføre den er vi verkeleg stolte av, seier Kleppe.

Han vil førebels ikkje røpe kven som skal spele, men lovar god stemning og fantastisk musikk. Det gjer han også for bluegrasskonserten i Frislidlada på Nordfjord Folkemuseum, og konserten i Trivselshagen.

Dei yngste countryglade kan også sjå fram til «Barnas country» på hausten, på sjølve festivalarenaen.

Ser fram til 2022

Alle billettar må kjøpast eller reserverast på førehand, og det vil vere avgrensa tal plassar på dei ulike arenaene. Dette for å kunne arrangere i tråd med smittevernomsyna som gjeld.

– Vi veit at mange hadde sett fram til å samlast og nyte countrymusikk saman. No får heldigvis nokre sjansen til det, og vi gleder oss verkeleg til å kunne spreie musikalske godbitar på fleire arenaer, seier Arve Kleppe.

I tillegg til å spikre detaljane kring årets program, er han også oppteken med å få neste års program på plass.

– Det blir verkeleg bra, og vi gleder oss skikkeleg til å invitere til countryfestival i Breim i 2022, smiler han.