Det vart ei annleis 17. mai-feiring i fjor. – Det er framleis for tidleg å seie noko om korleis årets nasjonaldag kan markerast, seier statsministeren. Foto: Erik Johansen/NTB/NPK.

Solberg seier det er for tidleg å seie korleis 17. mai-feiringa blir

Med 17. mai litt over éin månad unna er det framleis for tidleg å seie korleis nasjonaldagen kan bli feira, seier statsministeren.

– Kva rammer som vil gjelde for 17. mai, er det for tidleg å ta stilling til no, sa statsminister Erna Solberg (H) då ho presenterte gjenopningsplanen for Stortinget onsdag.

Ho seier at regjeringa vil komme tilbake i siste halvdel av april med nærare informasjon om råd og tilrådingar for feiring av nasjonaldagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når det gjeld rammer for festivalar, konsertar og andre arrangement gjennom sommaren, vil regjeringa komme tilbake til dette tidleg i mai, seier statsministeren.

(©NPK)