I alt 80 prosent av alle koronapasientar som har vore lagde inn på intensivbehandling i norske sjukehus, har overlevd. Her avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet. Foto: Terje Bendiksby/NTB/NPK.

80 prosent av innlagde koronapasientar overlevde

I alt 80 prosent av alle koronapasientar som har vore lagde inn på intensivbehandling i norske sjukehus, har overlevd.

Tal P4-nyheitene har innhenta frå Folkehelseinstituttets vekerapport viser at per 8. november har 273 pasientar vore innlagde på intensivavdelingar med koronasmitte. 210 av desse er skrivne ut.

– Vi har jo klart å halde smittetalet såpass lågt, og dermed har dei med alvorleg sjukdom vore såpass få at helsesystemet har klart å behandle desse på ein god måte og har hatt kapasitet til dette heile vegen, seier avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet.

Artikkelen held fram under annonsen.

16 prosent av dei innlagde med koronasmitte vart innlagde på intensivavdelingar. Snittalderen var 62 år. 69 prosent hadde minst éin risikofaktor, utan at høg alder var teken med.

– Vi må ta denne situasjonen på alvor. Når vi ser utviklinga no, så har ho vore ganske dramatisk når det gjeld stigning i smittetala, og også i Noreg kan vi få ein situasjon der helsesystemet vårt kjem i strekk, åtvarar Vold.

(©NPK)