Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) og Helse- og omsorgsdepartementet har sendt ut eit rundskriv til kommunane. Arkivfoto: Jil Yngland/NTB/NPK.

Rundskriv til kommunane om korleis dei kan avgrense private samankomstar

I eit nytt rundskriv frå Helse- og omsorgsdepartementet får kommunane rettleiing i korleis dei kan forby eller avgrense private samankomstar.

– Kommunar med store smitteutbrot har gjort ein formidabel jobb med å få kontroll på smitten. Vi må vente fleire lokale utbrot, og kommunane må vere førebudde på å ta tøffe grep for å hindre smitten i å spreie seg, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) i ei pressemelding.

Måndag vart det mellom anna klart at Oslo kommune strammar inn og forbyr private samankomstar med meir enn ti personar.

Artikkelen held fram under annonsen.

I rundskrivet gir departementet kommunane rettleiing, og dei presiserer at tiltaka må vere tydeleg grunngitt og ikkje meir inngripande enn nødvendig.

Dei oppmodar òg kommunane til å ha god dialog med næringslivet, gi informasjon til publikum, ha dialog med politiet og å samordne beredskapsplanane med andre kommunar i same region slik at smitteverntiltaka utgjer ein samla respons.

(©NPK)