Laget frå Jølster handbakklupp i NM. Framme f.v.: Linn-Mary Flugekvam nr 3 i venstre og høgre, senior open dame kl. Victor Bergman nr 2 i venstre og høgre, junior – 80 kg, 18-21 år. Runar Berg nr 1 i venstre og høgre, junior – 80 kg, 18-21 år. Jan-Erik Sunde nr 1 i høgre, nr 3 i venstre, senior – 70 kg. Bak f.v.: Tom Erik Berg nr 5 i venstre, nr 7 i høgre, senior + 110 kg. Ottar Berg nr 3 i høgre, nr 4 i venstre, master – 95 kg. Torbjørn Vollan nr 2 i høgre, nr 3 i venstre – 78 kg master, nr 6 i senior -80 kg.

Sterke Jølstringar i Stavanger

Under NM-veka i Stavanger var handbak ein av disiplinane på programmet. Frå Jølster handbakklubb deltok sju brytarar og dei gjorde sakene sine svært så bra.



Til saman elleve medaljar henta dei sju brytarane med seg frå meisterskapen. Dette er sjølvsagt ein sterk prestasjon og klubben ligg no på andreplass i Norgescupen.

Tre gull
Dei elleve medaljane fordelte seg på tre gull, tre sølv og fem bronse, noko som ifølgje trenar og klubbleiar Ottar Berg er noko av det aller beste klubben nokon gong har prestert i NM. Gullmedaljane gjekk til Jan-Erik Sunde med høgrehanda og Runar Berg med begge.
– Vi var litt færre enn vi brukar å vere i NM, så sett på bakgrunn av det, så er nok dette truleg den beste meisterskapen vi har hatt, seier Ottar Berg som også er glad for at dei no har fått ei kvinne med på laget. Linn-Mary Flugekvam debuterte nemleg i NM og tok like godt med seg to bronsemedaljar i sin andre konkurranse totalt. Den første var i noregscup-stemnet som Jølster handbakklubb arrangerte i vår.
– Vi må få fleire kvinner med, det er viktig for sporten, seier Ottar Berg som ser at det blir arbeidd godt rundt om i klubbane for å få med fleire og at det er ein del fleire som trenar enn dei som deltek i NM og noregscup. Han er også glad for den reklamen sporten fekk under NM som var TV-sendt.



Mykje nervar
Linn-Mary Flugekvam er tilbake frå sitt første NM med både glede og overrasking i bagasjen. Det var fire kvinner med i konkurransen og ho hadde rekna med fjerdeplass, men så vart det to tredjeplassar.
– Eg tykkjer det var ei veldig stor og flott oppleving. Det var mykje nervar ute og gjekk før eg kom opp til handbak bordet. Eg hadde mest lyst til å spy. Men då eg kom opp til bordet gjekk det vekk og eg kom inn i mi eiga boble. Eg konsentrerte meg kunn om ein ting, og det var startsignalet frå dommarane.
Eg fekk veldig god kontakt med dei andre jentene og vi har danna oss et venskap utanfor sporten og det tykkjer eg er kjempe kjekt. Vi unner kvarandre siger og heiar på kvarandre sjølv om vi kjem frå forskjellege klubbar. Gutane i klubben står og heiar på meg når eg gjer meg klar og det er veldig givande og kjekt. Vi har et veldig godt miljø i klubben og endelig er eg ikkje den einaste jenta der lenger, vi blir snart fire. Vi trenar også med gutane og det hjelper oss til å takle hard motstand. Dei er med på å gjere oss betre. Trenaren vår Ottar Berg er alltid på plass og hjelper oss med å bli endå betre. Han er helt fantastisk og utan han hadde eg aldri blitt så god som eg er i dag. Så må eg skryte av alle i klubben også, dei er heilt fantastiske og utrulig dyktige. Gratulerer til alle i Jølster handbakklubb, seier ein svært så nøgd NM-debutant.

Mykje trening
For å bli god i handbak mån det trening til. Mykje trening.
– Det er snakk om trening fire til seks dagar for veka for dei som vil opp i Noregs toppen og kanskje lukte på Europa toppen. Men det viktigaste er kvalitet på treningane og at livsstilen blir tilpassa sporten, seier Ottar Berg som om to år kan feire 30-års jubileum som handbakbrytar.
– Kor lenge skal du halde på?
– Eg satsar på å drive på så lenge armane held. Den eldste som konkurrerer her til lands er 65 år, men det blir strengare krav til kvalitet på treningane etter som åra sig på, men vi som driv i betongbransjen får ein del trening gjennom arbeidet og for min del var det betongarbeidet som la grunnlaget for styrken då eg starta som 17–åring, fortel Berg som leiar ein klubb som ligg på andreplass i noregscupen når fire stemne står att.
– Vi er no også nokre som har ambisjonar om ei god individuell plassering, avsluttar Berg som fekk med seg ein tredje og ein fjerdeplass frå dette NM.

 

 

Linn-Mary Flugekvam kom heim frå sitt første NM med to bronse. Her er ho på pallen i lag med gullvinnar Cecilie Raasok og sølvvinnar Adelina Bustihan