Folkehelseinstituttet har opplevd ein auka pågang av folk som har ete sopp i sommar, og ber soppsankarar om å oppsøkje hjelp før dei et soppen.Foto: Sara Johannessen/NTB scanpix/NPK.

Giftinformasjonen opplever massivt trykk under høgsesong for sopp

Giftinformasjonen har hatt ein enorm auke i førespurnader om sopp i sommar. Ekspert ber folk kjenne til dei vanlegaste giftsoppane.

Det finst fleire tusen soppartar i norsk natur. Mange er det ufarleg å smake på, men det finst sopp som er så giftig at sjølv ein liten smakebit kan føre til alvorleg forgifting.

No går soppekspertar i Folkehelseinstituttet ut og åtvarar etter høg aktivitet og mangedobling av førespurnader frå folk som har ete sopp.

Artikkelen held fram under annonsen.

– 150 prosent auke

– Berre i juli har vi fått ein auke på nesten 150 prosent i førespurnader samanlikna med tidlegare år, fortel seniorrådgivar og soppsakkunnig i Giftinformasjonen, Kristin Opdal Seljetun.

Ein varm juni, følgd av ein fuktig juli, har ført til perfekte soppforhold. Dermed har soppen komme tidlegare i år over heile landet, men særleg på regntunge Vestlandet og elles i Sør-Noreg er soppsesongen for alvor i gang.

– Folk er meir ute i naturen i sommar, og det er viktig at ein bruker dei hjelpemidla ein har med applikasjonen Digital soppkontroll. Det går òg an å ta med dagens fangst til soppkontroll, som blir arrangert av Sopp- og nyttevekstforbundet, seier Seljetun

Ver merksam på kvit og brun sopp

Soppeksperten ber folk vere merksame på at dei giftigaste soppane vanlegvis veks i skogen, men giftige soppar kan òg vekse på gras eller i eigen bakhage.

Ho åtvarar spesielt mot soppartane kvit flugesopp, som til forveksling kan likne på små sjampinjongar, i tillegg til den svært giftige spisse giftslørsoppen som ofte veks saman med traktkantarellen.

– Eit generelt tips er at ein aldri bør ete heilt kvit eller brun sopp utan å vite kva det er. Konsekvensane av å skade indre organ er så store av å ete feil sopp, at ein bør alltid få kontrollert soppen om ein ikkje er 100 prosent sikker, oppmodar Seljetun.

Urovekkjande trend

Seljetun påpeikar ein negativ trend som viser at rundt 70 prosent av dei alvorlege soppforgiftingane har vore hos personar med framandkulturell bakgrunn.

– Turistar, innvandrarar og andregenerasjons nordmenn har ofte andre soppkunnskapar, som til dømes i Asia der ein forvekslar den svært gifte kvite flugesoppen med ein art matsopp som er etande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein skal likevel ikkje vere redd for å plukke sopp i sommar, og med soppsesongen godt i gang har Seljetun nokre norske favorittar som ein allereie no kan plukke fleire stader i landet.

– Kantarell er ein god matsopp som veks no, det gjer òg røyrsoppar som steinsopp – dei som er svampeaktig under hatten. Ingen av røyrsoppane som veks i Noreg, gir alvorlege forgiftingar, men fleire kan gi mage- og tarmsymptom, opplyser Seljetun.

(©NPK)