Cruiseskipa kjem tilbake, men passasjerane får ikkje gå i land
I starten av august kjem dei første cruiseskipa igjen attende til norske fjordar. Men passasjerane får ikkje gå i land.
I Flåm i Aurland kommune har det ikkje vore cruiseskip sidan slutten av februar. Før koronautbrotet var det venta om lag 250.000 cruiseturistar i Flåm i år, skriv NRK.
– Vi er veldig glade for at skipa no kjem, seier Solrunn Hjelleflat, administrerande direktør i Aurland Ressursutvikling til kanalen.
Artikkelen held fram under annonsen.
I august kjem dei to første cruiseskipa, men dei vel 3.000 passasjerane får ikkje gå i land.
I Geiranger i Stranda og Loen i Stryn er det venta cruiseskip frå september. I Eidfjord kommune i Hardanger er det usikkert når det første cruiseskipet kjem tilbake. Ifølgje oversikta for cruiseanløp i 2020 skal to skip ankre opp ved kaia i starten av september, men ordførar Anders Vetle seier desse kan stå i fare for å kansellere.
(©NPK)