Tidlegare denne veka aksjonerte Sigrid Underlid og Rose Øvretevit frå Sandane Natur og Ungdom mot gruvedrift i Vevring. Sigrid, som vi ser på biletet saman med ein annan aksjonist, kjem sjølv frå Førdefjorden.

Dei aksjonerte mot gruvedrift i Vevring

Sigrid og Rose frå Sandane Natur og Ungdom aksjonerte med sivil ulydnad for Førdefjorden.

Aksjonane for ein rein Førdefjord er no inne i si tredje veke, og aksjonistane held framleis stand. Kvar dag sidan tysdag 2. februar har det vore aksjonert sivilt ulydig mot dei omstridde planane om ope rutilgruve på Engebøfjellet i Naustdal kommune og dumping av 250 millionar tonn gruveslam i Førdefjorden.

Måndag 15. februar aksjonerte Sigrid Underlid sivilt ulydig og dagen etter aksjonerte Rose Øvretveit mot at prøveboringane, som vil føre til sjødeponi i fjorden, har starta.

Er frå Førdefjorden

Sigrid, som kjem frå Redal ved sjølve Førdefjorden, og Rose som kjem frå Sande i Gaular, er begge med i Natur og Ungdom sitt lokallag på Sandane. Dei har vore to av totalt 16 aksjonistar som har lenka seg fast til anleggsmaskinane på Engebøfjellet i Vevring. Aksjonistane har forsinka Nordic Mining sitt arbeid med å dumpe gruveavfall i fjorden med opptil tolv timar kvar dag, før politiet har fjerna aksjonistane med makt.

– Eg meiner vi hadde ein god aksjon, og det er heilt riktig å ty til ikkje-valdeleg sivil ulydnad i denne saka. Slike aksjonar har vore viktig historisk, og er heilt avgjerande for samfunnsutviklinga i eit demokrati. Eg meiner sivil ulydnad vert ein slags sikringsventil for at ikkje styresmaktene kan få gjere slike grovt risikable feiltrinn som her i Førdefjorden utan at nokon seier ifrå. Det å aksjonere med fredelege, sivilt ulydige aksjoner er i mine auge eit mykje mindre lovbrot enn den planlagde miljøkriminaliteten gruvedumping i våre ikoniske fjordar er, seier Rose.

Fjerna av politiet

Dei siste vekene er meir enn 50 aksjonistar blitt fjerna av politiet og har fått bøter på 10 000 kroner kvar, så hittil er bøtene på til saman over 500 000 kroner. Nordic Mining er i ferd med å miste tolmodet, har trua med å saksøkje aksjonistane og prøver å halde fram arbeidet medan aksjonistane sit lenka fast til maskinane.

– Eg har vore med å aksjonere sivilt ulydig mot desse prøveboringane fordi dei er første skritt i retning av å dumpe Førdefjorden full av kjemikalieblanda gruveavfall. Det å dumpe 250 millionar tonn gruveslam i ein rein fjord, er i mine auge grunnleggjande gale. Vi som kjem frå bygdene rundt sjølve fjorden har jobba mot dette i mange år. Sivil ulydnad er eitt av dei siste verkemidla vi ynskjer å bruke, men no er det blitt nødvendig. Vi set umåteleg stor pris på alle dei aksjonistane som kjem frå heile landet, og eg føler det er heilt riktig å halde fram med aksjonane for fjorden vår, seier Sigrid, tidlegare leiar i Sandane NU.