Tigging og heliumsballongar var tema i formannskapet tysdag. Frå venstre: Magni Aa Berge (Sp), Bernt Reed (Sp) og Arnar Kvernevik (Ap).

Vil ikkje forby tigging





Senterpartiet ønskjer ikkje å forby tigging i Gloppen kommune. Det kom fram då formannskapet tysdag handsama framlegget til politivedtekt for Gloppen.





– Hadde tigging vore eit stort problem, måtte vi ta tak i
det, kommenterte Magni Aa Berge (Sp).





Høyringsfrist 15. mars





Arnar Kvernevik (Ap) var heller ikkje motstandar av tigging, men viste til at det stort sett er éin stad det føregår tigging på Sandane.





– Det er framfor inngangsdøra til Coop Extra. For denne butikken kan dette vere eit problem. Eg meiner ikkje at vi skal forby tigging, men kanskje burde ein seie noko om kvar tiggarar kan plassere seg. Å framstille det som om tigging ikkje er noko problem, blir litt for enkelt, påpeika han.





Rådmann Jan Kåre Fure trudde det blei vanskeleg å setje av eit eige område til føremålet.





– Vi kan velje å forby tigging eller ikkje. Grunneigarar kan bestemme om tiggarar får lov til å opphalde seg på deira grunn. Politiet har også mynde til å fjerne tiggarar om det skulle vere naudsynt, sa han.





Forslaget til ny politivedtekt slår fast at huseigar ikkje har ansvar for å rydde fortau etter snøfall. Dette ansvaret ligg til vegeigar. Formannskapet valde også å leggje inn eit forbod mot heliumsballongar, før dei vedtok å leggje framlegget til politivedtek for Gloppen ut til offentleg gjennomsyn med høyringsfrist 15. mars.