Kva skjer, Nordfjord?

Det er mykje støy og ueinigheit rundt tilbodet på dei vidaregåande skulane i Nordfjord. Eg er skikkeleg uroa over stemninga som er i regionen vår no, der ein driv med utestenging, baksnakking og samstundes ignorering.

Sjølv er eg lærar på frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign (FBIE) ved Eid vidaregåande skule. Eg er breimning og pendlar frå Byrkjelo til Nordfjordeid kvar dag, noko som eg har gjort i snart 16 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Linja eg underviser på er føreslått lagt ned på Eid vgs, noko eg er skikkeleg overraska over og synest er utruleg trist. Dette er eit tilbod som Eid vgs har vore «fylkesdekkande» på i fleire år.

Det har vore mykje snakk om dei kreative faga i media, men det er jo meir enn det. For FBIE sin del er det designfag og praktiske fag der ein får jobbe med relevante yrke. Ein får komme ut i næringslivet tidleg og vere oppdatert på det som er gjeldande her og no. Dette er eit tilbod for alle elevar i Nordfjord. Vi har elevar frå ytre og til Sogn – vi har fleire elevar frå Gloppen, Måløy og Stryn, og ingen klagar over lang reiseveg.

Eg er overraska over kor lite engasjement det har vore rundt forslaget om å legge ned FBIE på Eid vgs, både vg1- og vg2-linjene. Er det kun studie vi skal fokusere på? Eller skal vi ta vare på dei godt opparbeida tilboda som er, og som vi har mykje kompetanse på? Dette gjeld både musikk, dans og drama på Firda vgs og FBIE og industriteknologi på Eid vgs. Eg har sett lite støtte frå den eine eller andre skulen i Nordfjord, og det gjer meg uroa. Eg forstår at dette med studiespesialisering er viktig for alle, men vi har meir å ta vare på i Nordfjord.

Når det gjeld utdanningstilbod i Nordfjord må ein sjå på det som gagnar alle elevar i ein heilskap. Det er ikkje å stikke under ein stol at Eid vgs er den skulen som har kortast reiseveg for alle elevar, sett under eitt. Ein kan ikkje berre sjå på elevtal, det skal ikkje vere ein negativ ting å bu i utkantane av Nordfjord. Elevar som bur langt vekke må og ha tilbod innan ein rimeleg reiseveg.

Som mor er eg uroa over framtida til ungane mine. Kva tilbod er igjen om nokre år? For fyste gong sidan eg flytta heim for ca. 17 år sidan har eg tenkt at det kanskje ikkje er i Nordfjord eg blir buande resten av mitt liv. Kvifor lage eit utdanningstilbod som ikkje berre svekkar distrikta, men som kan vere med på å bidra til fråflytting? Kvifor skal vi spare pengar på ungdomane våre?

Så, kva skjer Nordfjord? Kvar er samhaldet og engasjementet for å bevare dei tilboda som er i vårt distrikt?

Iselin Myklebust,

mor og faglærar på Eid vidaregåande skule