Foto: Alf Ove Hansen/NTB scanpix/NPK.

Veterinæropprop mot avvikling av pelsdyrnæringa

Hundre veterinærar har signert eit opprop der dei støttar ei berekraftig vidareføring av pelsdyroppdrettet i Noreg. Fleire av underskrivarane seier dei er tilsette i Mattilsynet.





Det går fram av eit vedlegg til høyringsfråsegna som Norges Pelsdyralslag har levert i høyringa om forbod mot pelsdyrhald, skriv Nationen.





Regjeringa vil forby oppdrett av pelsdyr umiddelbart og gjennomføre ei styrt avvikling fram til 1. februar 2025.





I oppropet stiller veterinærane seg kritiske til måten regjeringspartia Høgre, Frp og Venstre i Jeløy-plattforma vart einige om å avvikle pelsdyrhaldet i Noreg og meiner forslaget er basert på «en politisk hestehandel på bakrommet». Underskrivarane meiner at pelsdyrnæringa har vist både evne og vilje til å tilpasse seg nye lover og reglar, og at dei fortener ein sjanse.





– Det er høgt fokus på forskingsbasert kunnskap for å sikre dyrevelferda kvar einaste dag – og det ønskjer vi at det framleis skal vere, heiter det mellom anna i oppropet.





Leiar for dyrevelferdseksjonen i Mattilsynet Torunn Knævelsrud reagerer på at 4 av dei i alt 101 veterinærane som har underteikna oppropet, har signert som tilsette i Mattilsynet.





– Dette er ikkje greitt, fordi det kan skape tvil om kva Mattilsynet som organisasjon meiner. Vi kjem til å sjå på dette internt for å unngå fleire slike tilfelle, seier Knævelsrud til Nationen.





Knævelsrud understrekar at Mattilsynet ikkje har uttalt seg om forbodsforslaget, men at dei i samband med stortingsmeldinga har peika på kva som må til for å oppnå forsvarleg dyrevelferd i næringa. (©NPK)