Verdstjerna Emmylou Harris var det store namnet under kyrkjekonserten. Ho skuffa ikkje.

Verdsstjerna løfta kyrkjekonserten

- Vi har lenge hatt ein draum om å få ei verdsstjerne til vesle Breim. No er det blitt ein realitet, sa Nils R. Sandal og introduserte Emmylou Harris. 

I tråd med vanleg tradisjon var det ei stappfull Breimskyrkje som tok i mot årets artistar. Dei fleste venta sikkert på verdsstjerna Emmylou Harris (72). Ho kom direkte frå USA til Noreg og vart henta på Sandane Lufthamn av artistansvarleg Nils R. Sandal som også leia kyrkjekonserten. - Eg hadde klump i halsen då eg tok i mot ho. Eg er veldig glad for at ho kom til Noreg. Etter konserten her i Breim skal ho rett tibake til USA, sa han og karakteriserte Emmylou Harris som ein legende. Ho song vakkert og var full av lovord om kor vakkert det er her på våre kantar.



Høgt nivå

Sjølv om Emmylou Harris var stjerna over alle stjerner, var det høg kvalitet på alt det andre som også vart framført i Breim kyrkje. Det var i tur og orden Longhorn frå Lærdal som nærast er å rekne for eit husorkester under kyrkjekonserten. Dei har sunge og spelt i 24 av til saman 25 kyrkjekonsertar. Deretter kom "Girls gone Country", "Big B", , den svenske gruppa "Halm", Trond Svendsen & Tuxedo Band,"The Bluegras Boogiemen" frå Holland og den norske  Jonny Cash-inspirerte gruppa  "Get Rytm" før Sigrid Moldestad som ikkje sviktar publikum, og slett ikkje på heimebane før Emmylou Harris til slutt.

Alle fekk varm applaus, og mange trampeklapp og til slutt ståande applaus då samtlege artistar avslutta konserten med eit fellesnummer.

Fleire bilete frå kyrkjekonserten

Alle artistane avslutta med eit fellesnummer til slutt. Dei fekk ståande applaus frå eit entusiastisk publikum.
The Bluegras Boogiemen
Girls gone Country.
Big B
Longhorn frå Lærdal under kyrkjekonserten til Norsk Countrytreff 2019.
- Vi har lnge hatt ein draum om å presentere ei stor verdsstjerne. No er det ein realitet, sa Nils R. Sandal om Emmylou Harris.