Vegen ved Jølstravatnet opnar igjen

Fylkesveg 451 på sørsida av Jølstravatnet opnar for normal trafikk fredag. Det gjekk eit stort skred over vegen 30. juli, og ein mann i 50-åra er framleis sakna.


Vegen vart delvis opna for trafikk fredag før skulestart, men det står enno att ein del arbeid før Statens vegvesen er i mål, ifølgje Bergens Tidende.


– Heile vegen måtte byggast opp frå grunnen igjen, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i vegvesenet.


150 meter av vegbana på fylkesveg 451 forsvann i Jølstravatnet i raset. Vegen kjem til å vere stengd delar av dagen denne veka.


– Dei opne periodane er tilpassa pendlarar og skulebussar, seier Finden.


Totalt vil skadane på fylkesvegane i samband med raset utgjere rundt 50 millionar kroner. (©NPK)