– Ved badestadene treffer ein alltid nokon ein kjenner, fortel gutane. F.v.: Henrik Alme, Ørjan Nesdal Aske, Sindre Sollid, Vegard Engeset.

Varme glopparar hoppa i fjorden

Førre veke passerte gradestokken 20 grader, og mange tok turen til fjorden for å sole seg og bade.


Både Grandeparken, Selvågane og Gloppen camping hadde høge besøkstal fredag. Med temperaturar kring 24 grader fleire stader, var dette av dei varmaste dagane denne sommaren.

– Kjekt å treffe venner

Ved stupetårnet i Selvågane naut ein ungdomsgjeng dei etterlengta solstrålane og stupte i fjorden. Til musikk frå høgtalaren turna og sumde Sindre Sollid (15), Henrik Alme (14), Vegard Engeset (14) og Ørjan Nesdal Aske (14) denne dagen.

– Vatnet er ikkje kaldt i dag, men vi badar uansett vêr, fortel Henrik Alme som akkurat er komen opp att etter siste stup.

Vegard Engeset fortel at han helst badar anten i Selvågane eller ved vasstrampolina på Rygg.

– Det er kjekt å kunne vere saman, og godt å kjøle seg ned, seier Vegard Engeset.

Gutane fortel at dei kan ta både back- og sideflip ut i fjorden, før dei klatrar opp i tårnet og gjer seg klare for nye hopp.

Folksamt i fjæra

Ved Gloppen camping var det fjære sjø på dagtid fredag, men det hindra ikkje verken turistar eller lokale i å ta turen til strandlinja. Både små og store hadde teke plass med strandstolar, oppblåsbare flamingoar og piknikkurv. Både bassenget og fjorden var attraktive tilfluktsstader i varmen.

Blant dei mange i fjæra var Sofia Sundal Melaaen (3). Ho var på ferie til besteforeldra på Sandane, saman med veslesyster Vilde (1), og foreldra Kristine og Christian Sundal Melaaen.

– Eg synest det er kjekt å bade, fortel Sofia, og vassar utover mot djupare vatn.