Kari Aarekol har akkurat flytta til Breim, og vil nytte sommaren til fjellturar, bad i Breimsvatnet og traktorkøyring.

– Utsikta på Skåla er fantastisk

Namn: Kari Aarekol


Alder: 28


Sivil status: Sambuar med Sindre Seppola Reed


Bustad: Reed


Yrke: Student


 

Kva er din favorittaktivitet i ferien?


– Eg liker godt å gå på fjellet, og å bade. Å gå på Skåla er ein fin tur. Der går ein 1800 meter rett opp. Såleis er det ein tøff tur, men den er svært fint laga til med trapper, og ei fantastisk utsikt ventar deg på toppen. Denne sommaren lærer eg meg å køyre traktor, det er kjekt.


Kva blir høgdepunktet i sommar?


– Countrytreffet på Fjordhestgarden var høgdepunktet. Dette var første året der for min del, men eg hadde høyrt mykje bra om det tidlegare. I tillegg har eg flytta frå Oslo til Breim denne sommaren, det er òg eit høgdepunkt.


Om du var guide for ein dag, kva ville du syne fram på heimstaden din?


– Eg ville ha teke dei med på båttur over Breimsvatnet til Kandal, og på besøk til Sølvane gard. Der har dei laga det skikkeleg flott til på låven.


Kva meiner du er den beste sommarmaten?


– Gode salatar er eg veldig glad i. Favoritten er nok norsk frukt og grønt. Grilla fisk er òg godt, særleg blåkveite eller torsk.


Kvar er ditt ferieparadis, og kven vil du ta med dit?


– Mor mi kjem frå Stryn, og eg er såleis vand med vestlandssomrar frå eg var lita. Mitt ferieparadis må vere Flo. Dit vil eg ta med meg sambuaren min, Sindre.


Kva greier du deg ikkje utan om sommaren?


– Is høyrer med når det er sommar. Aller helst vil eg ha pistasjis frå Hennig Olsen.


Favoritt dialektord eller -uttrykk?


– Framifrå, det er eit bra ord. Eg har høyrt det innimellom både før og etter eg flytta til Breim.


Kva for drikke kjøler du deg ned med i sommarvarmen?


– Bris med jordbærsmak tykkjer eg er godt.


Kva skal til for at du skal kome i sommarstemning?


– Når eg høyrer at måseskrika kjem, då veit eg at det er sommar.


Kven vil du helst ta ein sjølvi med og kvifor?


– Emmylou Harris var ein stor artist under Norsk Countrytreff, ho ville eg teke ein sjølvi med. Det var fint å få sjå henne live.


Kva for musikk får deg i godt humør?


– Alt frå klassisk til hiphop. Eg er svært allsidig når det kjem til musikk. I det siste har eg høyrt mykje på Sigrid Moldestad.


Kvar tar du helst ein dukkert?


– I Breimsvatnet, sjølv om det er veldig kaldt. Eg er glad i å bade, men har ikkje kickstarta sesongen endå. Eg ventar på sommarvarmen.


Kva likar du best – tidleg morgonstemning eller seine sommarkveldar?


– Eg er både A- og B-menneske på same tid. Eg er både sist i seng og først oppe. A velje berre éin vert for vanskeleg, eg må svare begge to. Om kvelden kan eg vere saman med venner og familie, og ete god mat. Om morgonen er det ei spesiell ro, og eg kan nyte ein god kopp kaffi.


Kva drøymer du om?


– Sidan eg akkurat har flytta til Gloppen håpar eg å få ein jobb her etter kvart. Eg studerer økonomi og administrasjon, men er litt potet. Eg er open for det som finst her.


Kven vil du sende ei sommarhelsing til?


– Eg vil sende ei helsing til mi kjære besta på Flo, ho har bidrege til mange gode sommarminne.