UP plukka fartssyndarar på Byrkjelo

Utrykkingspolitiet delte ut seks forenkla førelegg i ein laserkontroll på Byrkjelo torsdag. 

I 80-sona vart det to førelegg for fart og eitt for mobilbruk.

I 60-sona vart tre fartssyndarar stogga. Høgste fart mellom desse var det ein semitrailer som hadde, han køyrde i 70 km/t.